Diktet

Diktet: Victoria Dalsberget

Publisert Sist oppdatert

Det finst instagrampoetar som har teke steget over til bokutgjeving, og som sel godt. Vi har alt nemnt Trygve Skaug. Eit anna namn er Victoria Dalsberget. Dalsberget har om lag 60.000 fylgjarar på Instagram-kontoen @enkel_poesi og har skrive bøkene Du er nok (2021) og Du og jeg (2022).

Tittelen på den fyrstnemnde gjev oss ymt kva det handlar om. Dalsberget seier sjølv at ho «fokuserer på samfunnsaktuelle temaer som kroppspress, selvfølelse og det å være god nok». Eit typisk dikt med eit slikt fokus er dette: «du vet det speilet/ du stirra inn i/ i dag tidlig/ skuffa/ jeg skal hilse/ fra det speilet/ og si at du tok feil». Dette oppdraget lukkast Dalsberget med. Det finst endåtil dei som har tatovert dikt av henne på kroppen. Eit døme er dette diktet: «Diamanter er steiner/ som ikke mistet håpet».

Vi kan døme desse to dikta ulikt. For mange er dette tekstar med for enkle ordspel til å kunne kallast god poesi. Men: Så lenge ungdom set pris på desse dikta, spelar dei ei viktig rolle, og dei kan vera med på å føre dei vidare til ein større variasjon av lyriske uttrykk. Såleis gjev Victoria Dalsberget ungdom ikkje berre ei betre livskjensle, men òg sansen for ord og språk. Det er eit sunnare alternativ til rosabloggar med kroppsfiksering fulle av reklame.

Mellom dikt med direkte ordspel dukkar det opp dikt som eg personleg synest er meir spennande, som dette diktet attmed. Det er ein tekst som må lesast fleire gonger. Kva er det Dalsberget seier her? Det er eit såkalla katalogdikt med repetisjon av «jeg er…» med ein påfylgjande metafor.

Dei to fyrste setningane viser kva eget ikkje er, medan resten kva ho er. Vi anar ein motsetnad mellom det fantastiske i «jordomseiling» og det meir jordnære, saman med det mangelfulle, som blir gjevne positive eigenskapar. Det er ekte og står for truskap, som vi ser av dei siste verslinene. Diktet er drive fram av enderim, og som mange diktarar veit, er rimfunn eit vanlegare fenomen enn rimtvang.

Jeg er ikke jordomseiling

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement