Diktet: Vemund Solheim Ådland
Foto: Kirsti van H. Kosmo
Vinterblek øyeflue. Utkjevlet sår. Utkjevlet år, nysårt
lår, utrørt hår – himmelrød årsminke.
Dynket. Hudmørk, løvtynn parfymeflaske.
Dyrket, vannfast skinke.
Varmbanket, nyendret, havblå og nattsvart skinke.
Gul, bøyd. Eid skinke. Ør, øre, sviende ro.
Tro.
Vemund Solheim Ådland
Frå Årsol, Kolon forlag 2019

Når årsol i bakkane blenkjer. Årsol? Tittelen på den sjette diktboka til Vemund Solheim Ådland, Årsol (2019), vekker assosiasjonar til noko kjent, utan at ein heilt kan slå fast kva det er. Bergensaren Solheim Ådland (f. 1974) skriv dikt i eit språk som ved første augnekast eller lytting kan likne normalprosaen, men som er blitt nytta på friare vis – meir styrt av poetiske og lydlege prinsipp enn av grammatikk.
Medan biletkunsten på ein sjølvsagd måte kan arbeide med abstrakte former og ikkje-realistiske uttrykk, er det framleis nokså lite rom for poesi som ikkje er sentrallyrisk eller som stiller spørsmål ved språket si evne til å representere ei (personleg) røynd. I forlenging av dette kan ein òg undre seg over at språket i den subjektivt orienterte poesien er underleg einsarta.
Vemund Solheim Ådland skil seg slik ut i den norske poesien. Diktinga minner ikkje om mange andre, bortsett frå i glimt av poetar som Ellen Einan eller Paul Celan via Øyvind Berg. Han skriv ei slags sansedikting der meining oppstår gjennom klangar og lydlikskapar, overraskande bilete og ordval, og av odde samanstøytar mellom ord. På eitt vis er språket eit konkret, formbart materiale, samstundes som det er berar av mange nedervde meiningslag som blir sette i spel. Kan hende finn ein òg ein motstand mot å ta det rasjonelle språket for god fisk.
I diktet, og gjennom diktsamlinga, kan ein finne spor av ei forteljing, visse situasjonar og subjekt (mor, år som går, vår, sår, arr, sorg), men kva ein eksakt får vite, blir ståande ope. Dette opne verkar å skremme nokre lesarar, medan andre lèt seg utfordre med nyfikne. I møtet med dikt som dette blir lesaren i høg grad aktivert, og ei utlegging av kva ein finn i diktet, vil kan hende avdekke noko om lesaren som ho sjølv ikkje kjende til.
Cathrine Strøm
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.