JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Tore Ørjasæter

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto via Wikimedia Commons

Foto via Wikimedia Commons

2781
20230714
2781
20230714

«Eit poetisk hovudverk» har ho blitt kalla, diktsamlinga Elvesong, som skjåkværen Tore Ørjasæter (1886–1968) gav ut i 1932, om lag midt i forfattarskapen, som tok til med Ættararv i 1908. Samlinga er sett saman av ei rekke dikt i ulike former og tempo som alle er knytte tematisk til elva og vatnet, til minste dropen, som rører seg frå djupet, ned stryka og mot havet, i eit evig krinslaup.

Dikta rører seg ikkje berre på eit konkret naturskildrande plan, det sentrale er her det symbolske nivået, der dropen blir bilete på mennesket, som freistar å finne sin veg mellom vilje og lagnad, skiftande straumar og mørke djup.

Langt dei fleste dikta handlar difor om vassnatur utan konkret forankring til tid og stad. I diktet «Timber», som eg her har plukka ut den første av fem delar av, møter vi på «Omund-guten frå Sel», som er med på tømmerfløyting i elva.

Om diktet refererer til ei verkeleg hending, veit eg ikkje, men lesaren kjem tett på det ville oppdraget å skulle løyse opp i ein «lunne», altså ein vase av tømmerstokkar, medan vatnet fossar og pressar på, og det skjer med nærast seismologisk – og musikalsk – presisjon: «Han lyder på tonen/ og kjenner tyngdi av lunnen». Tømmerfløyting er blitt godt litterært skildra av fleire, men dette diktet dirrar av drama på liv og død, og gneistrar mørkt gjennom linjer som «Lunnen er som ei fårleg gåte».

Dramaet endar godt, heilt i tråd med det vitalistiske livssynet som Ørjasæter blei kjend for. Sigrid Undset skreiv i føreordet til Viljen og lagnaden. Dikt i utval (1946): «Grunntonen i Tore Ørjasæters diktning er en optimisme så dyp og ubrytelig så den ofte syns tyngre og dystrere på låt end det som almindelige folk kaller pessimisme.» Noko kritikaren Olav Dalgard kommenterer slik: «Det er godt og sant sagt. Få diktarar som har gått laus på metafysiske problem, har komme seg laus or ’våsemyran’ med så sterk tru på at livet skal vinne gjennom all motgang og alle nederlag.»

Cathrine Strøm

Frå Timber

Så sprang han fram ut or fløytarflokken,

han Omund-guten frå Sel.

Gjekk fjørall og fast på dirrande stokken

midt ut i fossgrøne gjel.

Han stod på stokken som dissa i fossen

der djupet dunde og saug.

Timber brotna og endereistest

og dunga seg upp i haug.

Lunnen er som ei fårleg gåte

fyrr fyrste stokken er funnen.

Stokken som bægjer mot tronge klovberget

held saman heile lunnen.

Det dirrar og brådøn. Han lyder på tonen

og kjenner tyngdi av lunnen,

som aukar og aukar. Han veg og vrakar

seg inn til den sanne grunnen.

Då høgg han seg ned der det heng i bende

og løyser den leide knuten.

Det støkk i lunnen. Men Omund-guten

spring på ein svingande ende

av stokken han stod på, som svinga’n på land

i siste bleket då storlunnen dundrande

losna og lukt på stupet rann.

*

Tore Ørjasæter

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis