Diktet
Diktet: Tom Lotherington
Foto: Solum Bokvennen
Tom Lotherington – poet, biograf, gjendiktar, romanforfattar – opplyser i si nyaste diktbok Gamleveien hjem (2020): «Jeg har lenge vært klar over at min fødselsdag faller på dagen/ to dager før Henrik Wergelands dag.» – Wergeland i Kristiansand 1808, Lotherington i Tønsberg 1950, den 15. juni. Eg nemner dette fordi eg har misinformert han om min far Ragnar Volds død, som skjedde ikkje på Wergelands dag, men dagen før: den 16. juni 1967.
Lotherington har eit dikt, «17. juni 1967», der denne feile dødsdatoen vert nemnd, kopla opp mot Stein Mehrens far, som døydde då sonen var tre: «Stein var et barn/ hjemme alene med far, og faren var helt/ i sin egen sorg og fortvilelse, han så ikke/ barnet. Barnet så/ den livløse kroppen/ henge fra taket/ hjemme.» Samanstilt med: «Jan Erik/ var en voksen gutt/ da faren gikk bort.»
Eit anna sitat: «Der stien tar slutt/ må du virkelig videre, skrev Stein, skyve/ grenene til side og gå/ ut mot verden. Jan Erik innrømmer/ at det er vakre linjer/ men må si seg uenig/ i at verden er der bortenfor et sted.»
Det er kanskje upassande at underteikna dveler ved dette. Men det er første gong – så vidt eg veit – at nokon har stilt Mehren og Vold konkret opp mot kvarandre. Elles er Gamleveien hjem Lotheringtons feiring av at han sjølv fyller 70. Boka handlar mykje om slekt. Og vi er iblant langt utanfor Noreg – plutseleg i Carrara i Italia, kjend for sin kvite marmor. Oldemor hans kom derifrå.
Lat det ikkje vera gløymt at Lotherington har skrive fine biografiar om Vestfold-poetane Wildenvey og Sverdrup. Og at han omsette Blaise Cendrars’ dikt om den transsibirske jarnbanen. Dagens dikt handlar om – ja: døden. Spalteplassen er brukt opp – denne gongen får lesarane prøve å takla diktet på eiga hand.
Alle skal i det sorte hullet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.