Diktet: Sigbjørn Obstfelder
Foto: Gyldendal / NTB
Si mig, lille Tulle,
skal jeg løse dit korset?
dit lille, søde snøreliv?
Å, hvor du vist er net!
Den hægten kan du løse,
men slettes ikke mer,
den hægten bag i blusen.
Men artig, jeg ber!
Der er vist dit snøreliv,
å nei, hvor det er sødt!
Dog dette ovenover,
å nei, hvor rundt og blødt!
Det var nu din bluse,
si hvad kommer så?
For exempel disse hvide
kniplinger små?
Uf, hvor du er ækel!
Væk med den hånd!
Dette kan du røre.
Se der! Det røde bånd!
Strømperne nå.
Med største plaisir.
Fødderne indi
jeg håber du lir.
Fødderne indi
er meget små,
guddommelig skabte
tærne derpå.
Så tak, min sølvtop,
resten gjør jeg selv.
Ikke se på mig, men’ske,
skjønner du vel.
Se så er jeg færdig,
sølvtoppen min.
Fortæl mig så en skrøne,
så sovner jeg ind.
Si mig, lille Tulle,
skal jeg løse dit korset?
dit lille, søde snøreliv?
Å, hvor du vist er net!
Den hægten kan du løse,
men slettes ikke mer,
den hægten bag i blusen.
Men artig, jeg ber!
Der er vist dit snøreliv,
å nei, hvor det er sødt!
Dog dette ovenover,
å nei, hvor rundt og blødt!
Det var nu din bluse,
si hvad kommer så?
For exempel disse hvide
kniplinger små?
Uf, hvor du er ækel!
Væk med den hånd!
Dette kan du røre.
Se der! Det røde bånd!
Strømperne nå.
Med største plaisir.
Fødderne indi
jeg håber du lir.
Fødderne indi
er meget små,
guddommelig skabte
tærne derpå.
Så tak, min sølvtop,
resten gjør jeg selv.
Ikke se på mig, men’ske,
skjønner du vel.
Se så er jeg færdig,
sølvtoppen min.
Fortæl mig så en skrøne,
så sovner jeg ind.
Sigbjørn Obstfelders eine diktsamling, Digte, kom i 1893 og inneheldt 31 dikt. Ytterlegare dikt pluss eit kvart hundre tekstar prosalyrikk vart trykte i Efterladte arbeider (1903, red. Viggo Stuckenberg). Første samleutgåve kom i 1917: Skrifter I–II (red. Carl Nærup), der tillegga frå 1903 er med.
Ei større utgåve Samlede skrifter I–III frå 1950 (red. Solveig Tunold) lanserer fleire nye kortprosadikt. Eit etterlate manuskript, Brokker og stubber, utgjeve av Martin Nag i 1995, inneheld atter nye dikt. Dette inneber at når den utvida Samlede skrifter I–III (red. Arne Hannevik) kjem i 2000, finst ei avdeling «Andre dikt» med 56 dikt og ei avdeling «Dikt i prosa» med 34 prosalyriske tekstar. Med dikta frå debutsamlinga får vi no 31 + 56 + 34 = 121 tekstar lyrikk og kortprosa av Obstfelder.
Dertil vert 14 «Dikt på fransk» trykte, omsette av poeten. Dei velkjende linene frå «Jeg ser» blir sjåande slik ut:
Je regarde, je regarde…
Me suis-je égaré sur une fausse planète?
C’est si étrange ici…
Dagens dikt, datert februar 1890, trong altså 110 år på å sjå dagens lys.
Diktet er utspekulert, i den forstand at dialogen mellom han som vil løyse korsettet hennar, og ho som ikkje vil ha han for nærgåande: «Uf, hvor du er ækel!» – den vert kan henda tvitydig, i og med at teksten ikkje klargjer om mannen er ein forførar eller ein vaksen som kler av barnet sitt. Kva alder har «lille Tulle», som i sluttreplikken seier: «Fortæl mig så en skrøne,/ så sovner jeg ind»?
Men – vent no litt: Sluttreplikken blir snarare avlevert av herren i diktet, som avstår frå å vera forførar? Eit barn går ikkje med korsett. Lesaren er vorten sett inn på feil spor.
Jan Erik Vold
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sigbjørn Obstfelders eine diktsamling, Digte, kom i 1893 og inneheldt 31 dikt. Ytterlegare dikt pluss eit kvart hundre tekstar prosalyrikk vart trykte i Efterladte arbeider (1903, red. Viggo Stuckenberg). Første samleutgåve kom i 1917: Skrifter I–II (red. Carl Nærup), der tillegga frå 1903 er med.
Ei større utgåve Samlede skrifter I–III frå 1950 (red. Solveig Tunold) lanserer fleire nye kortprosadikt. Eit etterlate manuskript, Brokker og stubber, utgjeve av Martin Nag i 1995, inneheld atter nye dikt. Dette inneber at når den utvida Samlede skrifter I–III (red. Arne Hannevik) kjem i 2000, finst ei avdeling «Andre dikt» med 56 dikt og ei avdeling «Dikt i prosa» med 34 prosalyriske tekstar. Med dikta frå debutsamlinga får vi no 31 + 56 + 34 = 121 tekstar lyrikk og kortprosa av Obstfelder.
Dertil vert 14 «Dikt på fransk» trykte, omsette av poeten. Dei velkjende linene frå «Jeg ser» blir sjåande slik ut:
Je regarde, je regarde…
Me suis-je égaré sur une fausse planète?
C’est si étrange ici…
Dagens dikt, datert februar 1890, trong altså 110 år på å sjå dagens lys.
Diktet er utspekulert, i den forstand at dialogen mellom han som vil løyse korsettet hennar, og ho som ikkje vil ha han for nærgåande: «Uf, hvor du er ækel!» – den vert kan henda tvitydig, i og med at teksten ikkje klargjer om mannen er ein forførar eller ein vaksen som kler av barnet sitt. Kva alder har «lille Tulle», som i sluttreplikken seier: «Fortæl mig så en skrøne,/ så sovner jeg ind»?
Men – vent no litt: Sluttreplikken blir snarare avlevert av herren i diktet, som avstår frå å vera forførar? Eit barn går ikkje med korsett. Lesaren er vorten sett inn på feil spor.
Jan Erik Vold
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.