Diktet
Diktet: Sabina Store-Ashkari
Foto: Mary Store
Dei siste presentasjonane mine har vore av instagrampoetar. Den siste i rekkja er Sabina Store-Ashkari. Ho kjem frå Vadsø og er fødd i 1999. Ho har norsk, samisk og bangladeshisk bakgrunn, kan vi lesa på nettsidene til Cappelen Damm. Då ser vi òg kva Store-Ashkari har til felles med dei andre instagrampoetane eg har presentert: Ho har teke steget over frå Instagram til bokutgjeving.
I 2020 kom diktsamlinga hennar, Ingenting usagt, ut. Samlinga har same namn som instagramkontoen hennar. Liksom mange av dei andre instagrampoetane er det særleg dei unge ho retter tekstane sine til.
Diktet attmed er henta frå instagramkontoen hennar. Det er eit dikt med ein tydeleg bodskap og eit likeframt formspråk. Regnbogen er eit kjent symbol i mange religionar. I mytologiar i Midtausten er regnbogen ein lovnad frå Gud om at flaumar ikkje lenger skulle truga menneska på jorda. I eldre europeisk tru galdt regnbogen som ein veg mellom menneska og gudane. I gresk mytologi personifiserer bodbringaren Iris regnbogen. I norrøn tru er regnbogen rekna som ei bru, Bivrost, mellom verda til menneska og æsene. I samiske mytar er Dearpmis gud over lyn og tore, og også regnbogen. Han er guden for ve og vel.
No blir ingenting av dette nemnt i diktet, men det er mogeleg noko av dette har spela med då diktet vart skrive. Vi som lesarar les i alle fall ut frå ei kulturell forforståing der mytar og historier knytte til naturfenomen tel like mykje, om ikkje meir, enn fysiske forklåringar av fenomena. I mytologiane ovanfor er regnbogen symbol for forsoning og sameining. Det finn vi òg att i regnbogeflagget.
Poesien skal passe seg for utvatna ord og termar. Eit ord kan brukast så ofte at det misser sin funksjon. Grensa mellom patosfulle taler og poesi kan òg bli utviska. Men Sabina Store-Ashkari fører fram ein viktig bodskap på ein ærleg, direkte måte i dikta sine. Med tanke på tragedien som har skjedd i helga, kan vi lytte på Sabina Store-Ashkari. Kvar på si vakt må passe på at fargane ikkje falmar.
det finnes mennesker
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.