Diktet: Odveig Klyve
Foto: Tove Elin Berg
Korleis kan vi svare på, eller ta inn over oss, uhyrlege handlingar? I sjokket og uroa kan eit dikt vere ein adekvat respons – eller kan hende einaste adekvate responsen? Å skrive eit dikt, lese eit dikt, dele eit dikt, la det spreie seg til alle som kan lese, kan gi ei kjensle av å bidra, gjere noko. Ein blir takksam for at nokon set ord på fortvilinga, skapar rom for tankane, held oss vakne, dannar ein fellesskap.
Krigen i Ukraina har fått mange norske poetar og gjendiktarar til å gripe til tastaturet. Ei av dei er Odveig Klyve (f. 1954), ein poet og filmskapar med internasjonalt utsyn og base i Stavanger. Ho publiserte dette diktet 14. mars 2022 på Facebook, og på eit døgn hadde diktet fått nærare 800 delingar, og om lag like mange støtteemojiar og kommentarar. Den skotske poeten Kenneth Steven gjorde på eige initiativ ei omsetting til engelsk, og diktet lever no sitt eige liv, som her i denne spalta.
Diktet nektar å la despoten sitje trygt bak det overdimensjonerte møtebordet sitt, fjernt frå lidingane til offera for krigen han har starta. Det taler i tydelege ordelag om det som forsvinn når krigsretorikken og fascismen får ta overhand – det menneskelege perspektivet.
Cathrine Strøm
Skjelv du på handa
i dag, Vladimir,
når du lyfter koppen
til munnen,
når dei fortel at
tusen på tusen er døde
på din kommando
på krigens nittande dag.
Skjelv du på handa
når dei fortel at
nitti barn er drepne,
og hundre er skada
av kuler og bomber.
Skjelv du på handa
når dei seier at tusenvis
av dine eigne er døde,
dei unge soldatane
nesten barn dei og.
Skjelv du på handa
når du høyrer at
sjukehus er bomba, at
gamle menn og kvinner
er drepne
mens dei flyktar,
at nokon har blødd i hel
mens du drikk
morgonkaffien din.
Skjelv du på handa,
Vladimir Vladimirovich,
når du lyfter koppen,
mens du flyktar
frå det menneskelege.
Odveig Klyve
14. mars 2022
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Foto: Thierry Arditti / Courtesy of Yale University Press
Kvifor Marcus skriv
Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.
Rondanecupen på Otta er ei bridgetevling stinn av tradisjon.
Foto: Otta bridgeklubb
«Det finst bridgespelarar i kvar ein avkrok.»
Jill Stein på eit valkampmøte i Dearborn i Michigan 6. oktober. I vippestaten Michigan fryktar demokratane at Stein skal ta mange røyster frå Harris.
Foto: Rebecca Cook / Reuters / NTB
Stein kan velte lasset
Jill Stein, kandidaten til Dei grøne, er valjokeren demokratane gjerne skulle vore forutan.