Diktet
Diktet: Liv Lundberg
Foto: Lina Livsdatter
Liv Lundberg døydde 11. januar i år. Ho er kjend både som lyrikar med mange utgjevne samlingar sidan debuten i 1979, Den klare tonen, og som tidlegare leiar av Forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø. Lundberg var frå Bardu, men budde i Tromsø, der ho var ein viktig inspirator for mange unge diktarar og forfattarar. Dotter hennar, Ingeborg Arvola, er sjølv ein profilert forfattar.
Diktet attmed har eg henta frå andreboka hennar, Hjertespeil frå 1981. Her er det den unge Lundberg som fører ordet. Vi ser med ein gong at dette diktet inneheld to ulike delar – skilde frå kvarandre med tre punktum – med innhald som er sett opp som ein kontrast til kvarandre. I den fyrste delen høyrer vi om ting vi assosierer med barndom – ei julefeiring i ein nyvaska heim i skogen. Jamvel om det byrjar med litt nifse ting som «ulvehyl», er heile sekvensen merkt av barnsleg glede – «Rødhette», «marsipan og appelsin». Det er òg tale om vekslinga mellom glede og keisemd – som òg er typisk for barndom.
Den andre delen er skriven slik at nærast kvar versline står i eit kontrasterande og samtidig kommenterande tilhøve til verslinene i fyrste delen. Begge delane tel sju liner kvar. Der det i fyrste delen handlar om levande furutre i skogen, er det tale om furutre som materiale – truleg som møblement. Dikt-eget føler årringane – ho kjenner på sin eigen alder, ho har sjølv passert «et kvart århundre» sidan barndomen. Og der fyrste delen uttrykkjer eit barnsleg virvar av fantasifigurar og døkk skog i djupsnø, handlar det i andre delen om ein «møblert» orden, der tinga ikkje lenger har eigennamn, men er stabla opp og anonymiserte som «bøker og bilder og ting».
Den siste verslina formar òg ein kontrast til den siste lina i fyrste delen: Barns evne til å sjå lys i alle ting andsynes ein vaksen persons uro. Men det seier likevel ikkje at diktet berre ber mørker med seg. Det er eit meiningsrikt og ope dikt om livsovergangar som innbyd til større utforsking og innsikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.