Diktet: Inger Hagerup
Foto: Erik Thorberg / NTB
I denne spalta skriv vi som regel om «vaksendikt». Denne gongen skriv eg om eit dikt for yngre lesarar: «Frøet» av Inger Hagerup (1905–1985), som finst i avdelinga «løse dikt» i Hagerups Samlede dikt.
Diktet fylgjer det klassiske oppsettet for vers i bunden form. Det har tre strofer, som kvar inneheld fire versliner. Heile diktet er gjennomført i ei fast metrisk form: versliner med fire jambar, alle med mannleg utgang. Skanderer vi diktet, merkar vi at vi legg eit ekstra lite trykk på «-lig» i «fredelig» – det er ikkje uvanleg i skandinaviske språk, som har mange ord på tre stavingar, i motsetnad til engelsk.
Rimmønsteret inneheld òg eit skjema for oppattakingar: Kvar strofe inneheld to parrim. Det siste ordet i fyrste og andre versline rimar på kvarandre, og så bortetter. Det er tale om heilrim av den tradisjonelle typen: «gror–jord». Parrim på «-or» dukkar to gonger opp i diktet. Det er òg bruk av bokstavrim, som i «sola smile», i tillegg til halvrim, som vi finn i denne verslina: «banket ganske sakte». Det er som om den bankande ljoden av regnet blir konkretisert gjennom desse tre stutte a-ane.
Vi ser òg bruk av enjambement mellom den andre og tredje strofa: Setninga blir ikkje fullført i verslina «en vakker dag blir du så stor», men held fram i den neste. Det er som om dette «steget» i språket illustrerer det steget det er for frøet «å løfte taket» og bryte opp i dagen.
Sist, men ikkje minst finn vi døme på besjeling. Frøet får menneskelege eigenskapar. Fyrst ligg det og «drikker vann og spiser jord», så lyfter det taket over seg, så det kan gå inn i verda. Frøet får hjelp til dette av både regnet og sola, som òg får menneskelege trekk. Det er ein varm og optimistisk tone gjennom heile diktet – som byggjer opp under temaet for diktet: Det underet eit lite frø har i seg, som openberrar seg når det spirer og blir ein plante. Utan at det blir tematisert i teksten, kan vi lesa heile diktet som ein allegori på liknande overgangar – til dømes ein barnefødsel. Orda «Lille bror» og «bitteliten sprekk» får oss særleg til å tenkje på ein liten gut som blir fødd.
Ronny Spaans
Frøet
Jeg ligger bare her og gror
og drikker vann og spiser jord.
Her er så varmt og mørkt og vått.
Her er så fredelig og godt.
I natt kom regnet lett på tå
og banket ganske sakte på.
Det hvisket til meg: Lille bror,
en vakker dag blir du så stor
at du kan løfte taket vekk.
Og i en bitteliten sprekk
vil hele verden åpne seg
og sola smile ned til deg.
Inger Hagerup
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.