Diktet

Diktet: Harald Sverdrup

Publisert Sist oppdatert

Harald Sverdrups «Sjømannsvise» er eit av dei mest kjende og elska dikta hans, ikkje minst fordi Alf Cranner har sett ein fin melodi til teksten. Harald Sverdrup (1923­–1992) var den mest utåtvende av poetane våre som slo gjennom på 1950-talet, han skreiv friskt og tydeleg, vart populær som opplesar rundt om i landet, iblant saman med musikarar. Med Alf Cranner stilte han med raudmåla pappnase i Universitetets Aula – det vart lagt merke til!

Poesien var «finare», på den tida, Sverdrup tok han ned på jorda, han elska fuglane og oppsøkte dei, han skreiv om erfaringane sine som invasjonssoldat under krigen, kjærleiksdikta hans er varme, «Sang til solen» frå 1964 er ei seks siders hyllest til tilværet: «Å Broder Sol, jeg hilser deg/ på denne velsignede morgen…» – dikteren er no busett på landet i Vestfold: måltrast og elg, grevling og brennesle får alle omtanken hans.

Så streng i forma som i «Sjømannsvise» frå 1961 er Sverdrup sjeldan: fire tette strofer som gjev livet i resymé. Alf Cranner spelte inn visa i 1966 og song henne seinare på turné i Noreg saman med Cornelis Vreeswijk.

Cornelis stal heile opplegget i songen «Ågren», som han lanserte 1970 på plata Poem, ballader och lite blues: «Ågren står i fönstret, kikar på mitt bord…» Det frekke her er at ågren på svensk (i tillegg til å være et familienamn) betyr ånger – altså anger. Strofe 3: «Ger mig utpå havet,/ lämnar Ågren kvar» ­– her reduserer Cornelis Sverdrups tekst. Og han hevdar at han sjølv er komponist til melodien. Det er justert i seinare utgjevingar.

Slik kan norske spor iblant gjera inntrykk i nabolandet.

Sjømannsvise

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement