Diktet

Diktet: Claes Gill

Publisert Sist oppdatert

«Gloria Victis!» er det 34. og siste diktet Claes Gill skreiv. «Ære vere dei overvunne!» tyder tittelen på norsk. Det er trykt i skriftet Til Ungarn, som Det Norske Studentersamfund gav ut i 1957, til inntekt for ungarske flyktningstudentar som var komne til Noreg etter Sovjetsamveldets overfall i november 1956.

Ei rekkje av våre fremste poetar deltok: Magli Elster, Carl Keilhau, Harald Sverdrup, Aslaug Vaa, Arnulf Øverland og fleire. Jahn Otto Johansen var redaktør og brukte fleire dagar, sa han, på å få eit bidrag frå Claes Gill, som ikkje hadde offentleggjort eit dikt sidan dei to samlingane frå 1939 og 1942: Fragment av et magisk liv og Ord i jærn.

Det vart tolv forkasta forsøk før Claes Gill (1910–1973) endeleg sa seg nøgd med den trettande versjonen. «Jeg ville at dette skulle være en åndelig håndsrekning til det ungarske folk i en tid da stridsvogner og bajonetter så ut til å være enerådende», fortalde redaktøren. «Diktet er siden oversatt til 25 språk.»

Kjartan Fløgstad avsluttar Claes Gill-studien Portrett av eit magisk liv (1988) med ein epilog om dette diktet. Poenget er å æra dei som fall i motstandskampen mot dei sovjetiske overgriparane, strofe 1. Men i strofe 2 gjeld det menneska «som lever vidare, strevar, trassar sitt nederlag og håper ingenting anna enn hjarta sitt siste slag».

Sluttlina viser til Gills dikt «Mozart», som opnar samlinga frå 1942: «Død i December ... til applaus/ av trætte hjærtes tunge slag». «Gloria Victis!» rundar dermed av eit av dei merkelegaste forfattarskapa i norsk poesi.

Og norsk politisk dikting vart rikare på ein måte som er verd å minna om i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement