Diktet: Carl Schøyen
Foto: Wikipedia
«Salmen om den tynde væg» er eit gullkorn av eit dikt i norsk litteratur. Carl Schøyen (1877–1951) er fyrst og fremst kjend som forfattar av prosabøker med tema frå Nord-Noreg. Men Schøyen gav ut fire diktsamlingar i unge år. Dette diktet er henta frå den femte diktsamlinga hans: Juoigem frå 1925 – ei bok som kom ut i ei utvida utgåve i 1937, då med tittelen Viddenes folk.
I føreordet fortel Schøyen kva tittelen tyder, han har «fra tid til anden hørt lapperne joike sine eiendommelige små Jouigem-sange, der er knyttet til alt som rummes inden deres egen fjeldverden». Han fortel så korleis misjonærar og prestar har freista stogge denne songtradisjonen, korleis tradisjonen har overlevd, og korleis han har inspirert Schøyen til å skrive sine eigne «samelandsdigte».
Diktet er tydelegvis òg påverka av den kristne salmetradisjonen. I fyrste verseline finn vi ein inversjon, «spænder» kjem sist i setninga. Den kunstige setningsstrukturen fungerer her, for «spenninga» i setningsbygninga reflekterer den spente teltduken. Denne spenninga synest òg i bruken av barokke kontrastar, omsluttande rim og det som liknar ein korjambisk rytme. Diktet har eit klassisk oppsett i demonstrasjonen i fyrste strofe og konklusjonen i andre strofe: Slik teltet bergar oss i stormen med den tynne duken sin, slik tek allmakta vare på oss, for det er òg ein tynn vegg mellom liv og daude. Andre strofe tek òg til med ein klassisk apostrofe – tiltale til eit «du».
Om det er den kristne guden Schøyen tiltalar, er uvisst. Gjennom heile samlinga er det referansar til både samisk og kristen tru. «Aran» tyder eldstaden i eit telt. Om teltet gjeld som eit mikrokosmos for universet i samisk tru, har eg ikkje funne kjelder på. Men ifylgje J.A. Friis skal figurane på runebomma spegle att ordningane inne i eit sametelt. Det er mogeleg Schøyen har basert seg på ein slik analogi. I alle fall er teltdukbiletet slåande. Den eksistensielle kjensla i diktet er til å ta på.
Ronny Spaans
Salmen om den tynde væg
Stormen vor teltduk spænder,
snart ut, snart ind den vender,
og bygen tar med fynd.
Fra mørkets hav det svære
til arans ild den nære –
der er en væg så tynd.
Du som løste med vælde
stormen i dine fjelde,
bevar os du for synd.
Fra rikdom og til nøden,
fra livet og til døden –
der er en væg så tynd.
Carl Schøyen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).
Foto: Jonathan Vivaas Kise
Unorsk erkenorsk
Hoppemannen