Diktet
Johan Fredrik Grøgaard.
Stillbilete frå NRK-programmet Ukens Lyriker
Trikk
trikken kjører linjen helt ut
så snur den og kommer tilbake
i motsatt retning
det er trikken til begjær
noen trikker kjører rundt en del av byen
og kommer tilbake
i samme retning
det er trikkene til tordenskiold
JOHAN FREDRIK GRØGAARD

Oslo var den hovudstaden i Norden som innførte trikkar først, i 1875 trekte av hestar, etter 1894 trekte av elektrisk kraft: Kristiania Elektriske Sporveier – der det elektriske blei forkorta til «trikk». Dette substantivet finst ikkje på noko anna språk.
Vi veit at amerikanaren Tennessee Williams skreiv dramaet A Streetcar Named Desire i 1947, der endehaldeplassen Desire er ein bydel i New Orleans – Marlon Brando fikk sitt gjennombrot som skodespelar i Elia Kazans film frå 1951. Skodespelet Sporvogn til begjær er oppført fleire gonger i Noreg, no seinast i hovudstaden i 2019 både på Oslo Nye og på Grusomhetens Teater. På norsk forsvinn dobbelttydinga av Desire.
Oslo-diktaren Grøgaard (fødd 1934), mest kjend som romanforfattar, har gitt ut to diktsamlingar: elefantspråket & andre dikt (1971) og mannen som ikke kunne kose seg (1972). Eldre Oslo-borgarar kan minnast dei to nedlagde trikkelinjene som speler inn i diktet frå 1971: Trikken til Kampen (linje 7 frå Ullevål Hageby, linje 12 frå Majorstua) som gjekk opp Hagegata og flata ut langs Brinken, der han skifta spor og gjekk tilbake same vegen – mens Sagene Ring (linje 0) gjekk frå Sagene i ei stor sløyfe rundt sentrum av hovudstaden.
Det blir sagt at forfattaren Thorbjørn Egner henta inspirasjon til trikken i Kardemomme by frå Kampen, der han vaks opp.
«Trikken til begjær» blir då ein forbigåande einvegs ereksjon, mens «trikkene til tordenskiold» er soldatane Peter Wessel Tordenskiold lét marsjere rundt og rundt same kvartalet i kampen om Marstrand i 1719, så svenskane trudde han rådde over langt fleire soldatar enn tilfellet var. Og dei gav seg.
JAN ERIK VOLD
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Oslo var den hovudstaden i Norden som innførte trikkar først, i 1875 trekte av hestar, etter 1894 trekte av elektrisk kraft: Kristiania Elektriske Sporveier – der det elektriske blei forkorta til «trikk». Dette substantivet finst ikkje på noko anna språk.
Vi veit at amerikanaren Tennessee Williams skreiv dramaet A Streetcar Named Desire i 1947, der endehaldeplassen Desire er ein bydel i New Orleans – Marlon Brando fikk sitt gjennombrot som skodespelar i Elia Kazans film frå 1951. Skodespelet Sporvogn til begjær er oppført fleire gonger i Noreg, no seinast i hovudstaden i 2019 både på Oslo Nye og på Grusomhetens Teater. På norsk forsvinn dobbelttydinga av Desire.
Oslo-diktaren Grøgaard (fødd 1934), mest kjend som romanforfattar, har gitt ut to diktsamlingar: elefantspråket & andre dikt (1971) og mannen som ikke kunne kose seg (1972). Eldre Oslo-borgarar kan minnast dei to nedlagde trikkelinjene som speler inn i diktet frå 1971: Trikken til Kampen (linje 7 frå Ullevål Hageby, linje 12 frå Majorstua) som gjekk opp Hagegata og flata ut langs Brinken, der han skifta spor og gjekk tilbake same vegen – mens Sagene Ring (linje 0) gjekk frå Sagene i ei stor sløyfe rundt sentrum av hovudstaden.
Det blir sagt at forfattaren Thorbjørn Egner henta inspirasjon til trikken i Kardemomme by frå Kampen, der han vaks opp.
«Trikken til begjær» blir då ein forbigåande einvegs ereksjon, mens «trikkene til tordenskiold» er soldatane Peter Wessel Tordenskiold lét marsjere rundt og rundt same kvartalet i kampen om Marstrand i 1719, så svenskane trudde han rådde over langt fleire soldatar enn tilfellet var. Og dei gav seg.
JAN ERIK VOLD
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.