Diktet
Diktet: Zinken Hopp
Eit av dei mest kjende dikta i Belgia er «Huldegedicht aan Singer» («Hyllestdikt til Singer») av Paul van Ostaijen (1896–1928) – det er eit feirande, ekspresjonistisk dikt om ei av dei store oppfinningane i samtida, ei symaskin av typen Singer. Van Ostaijen spelar òg på tydinga av Singer som songar og blandar poetisk høgstil med nonsensspråk og reklametekstar, samtidig som diktet er i frie vers med små og store bokstavar om kvarandre. Dette diktet og andre dikt i Het Sienjaal (1918) er rekna som det modernistiske gjennombrotet i nederlandsk litteratur.
Har vi noko liknande i norsk poesi? Kanskje Jord og jern (1933) av Rolf Jacobsen? Der feirar Jacobsen moderniteten med dikt som «Byens metafysikk», om «telefonkablenes knitrende liv» og «gassledningenes syke hoste i avgrunnen» mot «cigarettens blå sjel» som flagrar som ein kysk engel på gateplanet.
Eller kanskje høver det å jamføre Singer-diktet med «Til en elektrisk vaskemaskin» frå – merkelig nok! (1935) av Zinken Hopp (pseudonym for Signe Marie Hopp, 1905–1987). Hopp er mindre surrealistisk og eksperimentell enn van Ostaijen, og ho er sjølvsagt ikkje på nivå med Jacobsens poesi. Men studerer vi diktet nøye, ser vi at Hopp ikkje er borte vekk, ho heller. Rima og rytmen er uregelrette, og diktet er delt inn i strofer av ulik lengd – det speglar att oppbrotet i moderniteten, samtidig som ho tyr til det overnaturlege for å forklåre nyvinninga: Vaskemaskina er som eit fabeldyr, og den nye teknologien er «mer enn eventyr».
Seinare kjem dei avhumaniserande og miljøfarlege sidene ved ny teknologi fram i poesien, særleg hjå Rolf Jacobsen. Slik er det enno ikkje hjå Hopp, som i same diktet skriv: «Romantikkens fjerne tider/ drepes sent, men dør omsider,/ klarer ikke konkurransen/ med en prima vaskekum./ Florens under renessansen/ manglet sårt et vaskerum». Eg takkar Mads Claudi, som gjorde meg merksam på dette diktet.
Til en elektrisk vaskemaskin
(utdrag)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.