Diktet
Diktet: Walid al-Kubaisi
Foto: Edvard Thorup
Dette diktet er skrive av ei kjend og kjær røyst for lesarar av Dag og Tid, Walid al-Kubaisi. Diktet er trykt i 100 dikt om krig (2003), redigert av Håvard Rem. Det er eit sjølvbiografisk dikt som fortel om vonløysa til flyktningar. Dei flyktar frå krig til fredelege land, men det inneber ikkje at dei får fred i hugen, snarare tvert imot. Al-Kubaisi fortel korleis lengt og dårleg samvit tærer på han innvendig. Han gjer det effektivt i ei kronologisk forteljing der han viser korleis han – langt heimanfrå – får høyre om den eine etter den andre tragedien i familien hans, utan at han kan vera der å trøyste og ta imot trøyst, heilt til han bryt saman i 2003, på ein kafé på Tøyen. «Sjador» er ei kappe som dekkjer hovud og kropp.
Tittelen kunne ha vore «Håpløshet», men diktet heiter «Håp». Det gjev faktisk meining, for håp var det som forma Walid al-Kubaisi, både som samfunnsdebattant og som kreftsjuk pasient – han døydde av kreft i 2018. Trass i motgang og smerter såg han alltid positivt på livet. Det same gjeld Shabana Rehman som gjekk bort i desember. Jamvel om ho ikkje hadde den same lagnaden som dette diktet fortel om – ho kom til Noreg frå Pakistan som eittåring – var der «mørkemenn» i kulturen og religionen hennar som ho måtte slåst imot. Til liks med al-Kubaisi opplevde ho ikkje å bli forstått av det norske samfunnet: Dei måtte somtid føre ein dobbel strid – både mot religiøs fanatisme og mot sine nye liberale landsmenn, som ein skulle forvente stødde dei. Men trass i motstand – vona og smilet bar dei alltid på. Det er imponerande. Med dette diktet vil eg heidre minnet deira.
I 1981 flyktet jeg fra Bagdad
sammen med håpet
uten å kysse min fars hånd
og takke ham for alt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.