Diktet
Diktet: Tarjei Vesaas
Foto: Knobelauch / NTB
Opne året med eit dikt av Tarjei Vesaas, som ingen har lese på lenge, lenge? Diktet stod i Dagbladet nyttårsaftan 1945, men kom ikkje med i debutsamlinga Kjeldene (1946) – eller seinare.
Vi veit at sluttdiktet i Dikt i samling ikkje var med i den siste diktboka hans, Liv ved straumen (1970), men vart «oppdaga» av Walter Baumgartner i Vesaas-antologien Huset og fuglen (1971) – diktet «I båten», med sluttlinjene: «Vi ror vår skrale båt./ Vår båt er einast ein./ Og hav er hav.»
Og då er vi i nærleiken av Mattis Tust i romanen Fuglane, som seier: «Du er du», når han kommuniserer med rugda.
Diktet «Mannen i haugen» går føre seg etter ei gravferd – «og ein ligg att». «Han gruver ikkje meir.» Det er dei som går heim, som har jord frå grava med seg vidare. Den døde «er ven med natta». Døden vedkjem ikkje den døde, synest diktet å seia. Sorga tilhøyrer «Dei andre, oppå graset». Eller altså: vi som les diktet.
Diktet «Vise» stod i Dagbladet i november 1945 – det vart med i debutsamlinga. Teksten følgjer eit kjærleikspar gjennom vår, sommar, haust. Fjerde og siste strofe lyder:
Om vintren kom i lunden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.