Diktet

Diktet: Steinar Sørlle

Publisert

Ein av våre originale, hemmeleghaldne poetar fylte 80 år i september og døydde i november, Steinar Sørlle frå Stavern – Vestfold var landskapet hans, fotograf var han av yrke, inntil han stod fram som poet med fem diktbøker 1972–1997: Sporene ser deg heiter den første, Lyset under våre drømmer den siste. Dessutan prosa, også for born og ungdom: Hans bok Isnatt (1986) er omsett til sju språk, deriblant i kjempeopplag på tysk, prislønt i Tyskland og Austerrike.

Men i dei fleste norske poesioversyn er Steinar Sørlle fråverande. Dette er grovt urimeleg, for det finst eit einskapleg tema i alle fem samlingane som knyter poesien hans saman: Det å sjå og å verta sett, det å sansa at det kan liggja noko bak det som synest – vi menneske veit ikkje alt om kvarandre: «Om jeg stikker handa/ forsiktig under nakken din/ for å finne ansiktet ditt på ny/ er du der/ og så brått borte». Orfeus og Eurydike vert nemnde i fleire dikt.

Men vi har poetens forvissing om at det vi kallar liv, er eit liv: «Noe så selvfølgelig/ som lukt av sjø og tang…/ og vinden mot alles hud –». Her finst eit samhald som dirrar, men ikkje treng understreking, for «alt dette flyktige varer». I det større perspektivet, likevel ikkje: «Det er bare vi som hele tiden byttes ut.»

I Larvik finst ein promenade som heiter Revstien, der ein har hogge dikttekstar i stein langs strandkanten, norske og utanlandske. Poesiparkens Venner arbeider for kunnskap om dikt. Av Steinar Sørlle har valet falle på «Dette flyktige som varer».

Dette flyktige som varer

Noe så selvfølgelig

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement