JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKultur

Diktet: Rolf Jacobsen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Wikipedia

Foto: Wikipedia

2546
20230609
2546
20230609

Førestillinga om eit skilje mellom by og natur er ålmenn og urgamal. Alt romaren Vergil lova livet på landet som ein kontrast til bylivet, fullt av freistingar og dekadanse, i samlinga si av hyrdedikt, Bucolica (frå kring 40 f. Kr.). Poesien er – frå tidleg nytid gjennom romantikken fram til vår tids lyrikk – full av hyllingar av naturen, ofte med førestillinga om ein gullalder, aetas aurea, ein evig sumar. Men er det slik at naturen er rein og opphavleg? Er det ikkje slik at vi granskar naturen med eit byblikk og dermed romantiserer han?

Det synest vera tema i «Fangen» av Rolf Jacobsen, frå den kjende samlinga Stillheten efterpå ... (1965). Motivet er ein park midt i ein storby, med eit vatn i midten, på eit avgrensa felt i det urbane landskapet, slik at ingen horisont er synleg – berre «himmelens fri firkant» – og med gitter kring parken, «lenket til murene så vi kan se den alle», ja, så vi kan sjå han når parken opnar etter stengjetid. Parken er som eit villdyr i ein dyrehage, som vi «kan kaste smuler til». Vi beundrar naturen, men helst på trygg fråstand. Dermed er parken òg ein illusjon på ekte natur – uttrykt gjennom «blikk-fat» som metafor på den skimrande «grønske-dammen», som i seg sjølv kjennest unaturleg gjennom ordet grønske.

Dette tenkte eg då eg las diktet fyrste gongen, men synet av skyene som vandrar «forbi i salige to» gjev òg ein vemodig, romantisk tone som gjer at diktet har meir å by på. Det er som om lyrikaren er medviten om dilemmaet by–natur, men ikkje fyrst og fremst er ute etter å avsløre illusjonen av natur. Trass denne illusjonen veit han å nyte parken i storbyen, med «drømmen om fjerne år, et halvglemt minne» og «springvannets trette fløyte» som «spiller lavmælt sangene om floder».

Diktet gjev ei seinsumarkjensle mange kan kjenne no om litt – ei kjensle som kjem ljodlaust, men som like snart er borte att, som ein svane inn i skuggane.

Eg vil takke Håkan Sandell som gjorde meg merksam på dette undringsvekkjande diktet.

Ronny Spaans

Fangen

En park er en fanget sommer dypt i byen

lenket til murene så vi kan se den alle.

–– Kom her, barn. Slik ser en sommer ut.

Og vi kan kaste smuler til den gjennem sprinklene

der grønske-dammen skimrer under løvet,

–– et blikk-fat vokterne har latt den få.

Kanskje en svane kommer lydløst ut av skyggen

som drømmen om fjerne år, et halvglemt minne.

På himmelens fri firkant kan den se

skyene vandre forbi i salige tog

på vei mot dens eget land.

Springvannets trette fløyte

spiller lavmælt sangene om floder.

Rolf Jacobsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis