Diktet
Diktet: Rasmus Claussøn Rosing
Foto: Riksantikvaren / Norsk portrettarkiv
Dei store barokkdiktarane i Noreg er som kjent Petter Dass og Dorothe Engelbretsdotter. Dass fekk ikkje trykt bøkene sine i si levetid, men det fekk ein diktar som er ukjend for oss i dag, Rasmus Claussøn Rosing (1641–1705). Han var liksom Dass fødd på Helgeland, i Brønnøy. Kanskje planla han ein karriere på Helgeland? Men Rosing fekk etter kvart kall på Hitra, i 1674, der han vart resten av livet.
I 1696 gav Rasmus Rosing ut Den Grædende Jeremias Og Siungende Salomon. Boka inneheld bibelske salmar og historier fortalde i rim og rytme. Slike «uoriginale» attforteljingar tyder ikkje at dikta er av dårleg kvalitet. Mykje av Petter Dass’ dikting er det same, som Bibelske Viise-Bog. Mange moderne diktarar har òg gjort om bibelsk stoff til poesi, som Victor Hugo.
Attmed står utdrag av eit dikt sist i denne boka – eit gravskrift til son åt diktaren, som «saa hastig frafald ved den timelige Død (…) Aar 1695. I hans Alders Fierde til Tivende». Niels studerte i København då han gjekk bort. Diktet tel 20 strofer, der kvar strofe byrjar med ein utheva bokstav. Fører vi desse bokstavane saman, får vi namnet på sonen (Niels Rasmussøn Rosing) – vi har altså med eit akrostikon å gjera.
Her er det berre plass til tre strofer frå diktet. Rosing fortel om oppvoksteren til guten, som blir kombinert med bibelske og moralske parallellar. I siste strofe ber Rosing Den heilage ande hjelpe i nauda. I strofa i midten fortel far at han gav sonen ris, på same måte som Gud òg gjev ris, altså «tuktar oss». Kanskje kan vi lesa inn ein sjølvkritikk i denne strofa? «Diktet viser oss ein far som med eitt er usikker på om det var rett å krevje så mykje av Niels, så tidleg», meiner i alle fall Lars Rottem Krangnes, som har skrive to innsiktsfulle artiklar om «Diktarpresten på Hitra» for Årbok for Fosen (2016 og 2018). Dessverre gjekk portrettet av Rosing tapt då Dolm kyrkje brann i 1920. Difor tyr vi til dette gamle fotoet.
Naar man sig ret betænker,
Er her kun Møjsomhed,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.