Diktet

Diktet: Nils Collett Vogt

Publisert Sist oppdatert

Kvifor bryr ingen seg om Nils Collett Vogt?

Han er ein diktar som ikkje er mykje framme i dag, trass i at han vart tileigna 23 sider av A.H. Winsnes i Bull & Paasches Norges litteraturhistorie, bind 5 (1937). På universiteta våre er det ingen som syslar med han.

Dette er merkeleg. Då denne poeten stod fram i 1887, var han den første nordmannen sidan Welhaven som kom til å eigne den omfattande forfattarskapen hovudsakleg til lyrikk. Nils Collett Vogt (1864–1937) gav ut ti diktsamlingar og eit avsluttande utval, Et liv i dikt (1930) – ved sida av åtte prosa­bøker (romanar, noveller, minne) og åtte bind dramatikk.

Frå debutsamlinga tok han berre med opningsdiktet: «Var jeg blot en gran i skogen –», han vil ikkje falle til bakken som eit visse lauv. I seinare dikt viste han likevel omsorg for bjørka.

Som Oslo-poet har han skrive dikt om heimbyen, sjølv om han levde mange år i utlandet og gifta seg med ei svensk kvinne. I 1921 forfatta han Oslo-songen: «Det er vor egen by!/ Saa fast og trygt du hviler/ i dine aasers ly…»

Han voks opp i Josefines gate 12 (nær Bislett), spenningar i familien gjorde at han heldt seg unna lenge. Det er særleg i minneverda han skriv dei vaksne dikta sine. I diktet «Josefinegate» frå 1924 (her i utdrag) ser han att, forsona, sitt unge eg: «du, som jeg var!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement