Diktet

Diktet: Kjell Aukrust

Publisert Sist oppdatert

Les du diktet attmed og ser namnet under, skulle du kanskje tru det var ei feilskriving: Det må då vera Olav Aukrust som har skrive dette diktet. Nei, det er faktisk Kjell Aukrust (1920–2002), skaparen av Flåklypa-historiene, som er forfattaren. Olav Aukrust (1883–1929), diktaren frå Lom, var farbror hans.

Eg har funne dette diktet i den fine biografien om Kjell Aukrust som Sigmund Løvåsen gav ut i fjor. Diktet er skrive til henne som skulle bli kona hans, Kari Holter. Dei møttest i Alvdal i 1939. I 1942 fekk Kari dette diktet i posten saman med ein illustrasjon, eit sjølvportrett av forfattaren ved ein varde i fjellheimen. Som Løvåsen skriv i biografien, ser Aukrust lengtande inn i fjellandskapet.

Diktet har eit klassisk oppsett: Det er skrive på rim og rytme, og det er delt inn i ein presentasjon av situasjonen til diktaren – eit einsamt individ i ein kald, rå fjellheim, men ein fjellheim som samstundes tilbyd store utsyner for lengselen hans – og ein konklusjon – der diktaren reflekterer over det å lengte: Det er kjærleiken hans til henne, men lengselen kan likevel ikkje forklårast.

Det er eit dikt av ein ung mann, det er nok ikkje særleg originalt, og det er òg nokre nynorskfeil i teksten – som vi ikkje har retta, men det vitnar om inderleg og kjenslemerkt poesi.

Stilen kan minne om dikta til farbroren, sjølve fjellskalden i norsk lyrikk. Det får oss til å grunde over tilhøvet mellom desse store kunstnarane. Var det ikkje slik at Kjell Aukrust laga eit portrett av diktaren i den humoristiske karakteren Hallstein Bronskimlet d.a.y.? Ville han dermed distansere seg frå onkelen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement