Diktet
Diktet: Jon Auklend
Foto: Rune forlag
Jon Auklend (1889–1978) er ukjend for dei fleste i dag. Men dikta hans fortel om eit viktig straumdrag i norsk lyrikk – inspirasjonen etter Olav Nygard. Nygard er kjend for lange dikt på ottava rima (dikt med strofer på åtte versliner med eit innfløkt rimmønster) og fortetta ordbruk med både arkaiske og nylaga ord. Eg har tidlegare presentert to slike diktarar: den unge Olav H. Hauge og Frank Frode. Auklend høyrer til same gruppa. Jamfør ein av titlane hans, «Nygards-dråpa». Han skreiv òg mange strofer på åtte versliner (men med eit lettare rimskjema).
Men til skilnad frå Nygard, som skreiv dikt med overraskande unasjonal tematikk, har Auklends dikt nasjonale, norrøne og kristne motiv. Tittelen på ei av Auklends samlingar, Norrøna, er eit godt døme. Gjennom samlingane sine stig Auklend fram som ein ordhag lyrisk-episk portrettmålar av norrøne og bibelske personar, anten det er Olav Kyrre eller Maria Magdalena.
Attmed ser de ein annan spesialitet i Auklends diktekunst: motiv frå Nord-Noreg. Auklend var frå Hetland ved Stavanger, men var rektor ved Nesna lærarskole (1947–1950). Under krigen protesterte Auklend mot Norges lærersamband, landsorganisasjonen for lærarar som NS skipa, og vart send på tvangsarbeid til Kirkenes.
«Dei sju systrene» (frå Leiestjerner, 1965) viser til den kjende fjellkjeda på Alstahaug «som fletter sin’ Lokker i Snee», for å herme Petter Dass. Liksom herr Petter meiner Auklend fjellkjeda er vakrast om vinteren. Han brukar òg metaforar frå kulturkrinsen han kjende: den norrøn-germanske og den antikk-klassiske – sistnemnde i termen «vestalinner», prestinner i det gamle Roma. Andre vanskelege ord: «kjerte», voksljos, og «traut», fortid av «tryte», gå tom for. Den siste lina er tvitydig: Meiner Auklend bekker og fossar om våren eller sorga til systrene – som liksom anna troll vart til stein då sola rann?
Eg vil takke ein slektning av Auklend, som òg har gjort nordlending av seg, for å ha sett meg på sporet av denne fine diktaren. Han heiter Morten.
Dei sju systrene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.