Diktet
Diktet: Ingeborg Refling Hagen
Foto: Henrik Laurvik /NTB
Ingeborg Refling Hagen (1895–1989) frå Tangen nær Mjøsa etablerte hedmarksdialekten som skriftspråk lenge før Prøysen. Ho var fjerde barn i ein familie på seks der dei tre eldste drog til Amerika – sjølv var ho to år i London som barnepike. Barndomsheimen «Fredheim» er vorten ein kulturinstitusjon på Tangen, open for alle som vil spela teater, lesa dikt, ta del i Ingeborg Refling Hagens mangslungne forfattarskap: rundt 70 utgjevingar med noveller, romanar, livsminne, lokalhistorie, barnebøker, dramatikk – og 18 diktsamlingar frå 1932 til 1984.
Ho skapte Suttung-teateret på Tangen, med Wergeland og Kinck i sentrum. Ho heldt føredrag, dreiv lesesirklar, underviste i verdslitteraturen. Engasjerte seg og skreiv om den spanske borgarkrigen. Under krigen redigerte ho den illegale avisa Jøssingposten, til ho i desember 1941 vart teken av tyskarane og sett inn på Grini – og berga seg ved å simulera sjuk og verta pasient på Ullevål sjukehus.
Dagens dikt er frå debutsamlinga Jeg vil hem att (1932), «tilegnet mine landsmænd i Amerika», og inneheld både dikt og forteljingar. Dikta hennar er ofte lange, med ein eigen musikalsk tone. Her er valt det aller kortaste.
DS «Bergensfjord» frakta i åra 1913 til 1939 meir enn 400.000 passasjerar frå Noreg til USA. Dei to strofene handlar om at livet for småkårsfolket skal verta betre. Slik er diktet ein forgjengar for Prøysens «Du skal få en dag i måra» og Hauges «Det er den draumen». Vi skjønar av teksten at det er smått stell for folk der heime. Men det går mot jul og snart vert det ei råd for far å kunne gå til dokteren.
Det sosiale var hovudpoenget i alt Ingeborg Refling Hagen gjorde og skreiv. Ho liknar ingen annan norsk poet. Eller kulturarbeidar, får ein kanskje heller seia.
I mårå kommer Bergensfjord!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.