Diktet

«Diktet er konsentrert rundt ein bitte liten situasjon, eit bilete: å trakke på ei saltstong»
 

Publisert Sist oppdatert

Forfattarskapen til Gunn­hild Øyehaug spreier seg utover mange sjangrar, frå skodespel – det strålande Gunnhild, kona til Eirik Blodøks (2023) – til breitt lesne romanar, som gjennombrotsverket Vente, blinke (2008). Men aller først var Øyehaug poet!

Det er kanskje ikkje ei utropsteiknverdig setning for Øyehaug-lesarar, sidan ho ofte skriv om dikt i essaya sine, har kalla opp ei novellesamling etter ei av verdas mest kjende diktsamlingar og elles ofte strukturerer tekstene sine rundt metaforar. Men dagens dikt er altså henta frå debuten til Øyehaug, diktsamlinga Slaven av blåbæret (1998).

Diktet er konsentrert rundt ein bitte liten situasjon, eit bilete: å trakke på ei saltstong. Tittelen etablerer tonen – denne humoren hos Øyehaug som eg alltid har lyst til å kalle ironisk, men som er mykje varmare, fordi han også har eit så mildt og interessert blikk på det patetiske – og bitte vesle – i oss. Det kjem ofte av den metaforiske tenkinga; i eit anna dikt i samlinga skriv ho at den døyande Gisle Sursson «heldt tarmane mot brystet/ som gode kort».

Latteren byggjer seg opp i meg line for line når eg les: frå å trakke på ei saltstong (vanleg) til å bli liggande under eit telt av melankoli (melodramatisk) til å gråte over tapet (patetisk) til vendinga over i ein meir analytisk og distansert tone i dei fire siste linene. Tårene er trass alt salte, rasjonaliserer diktet med eitt. Tåresaltet burde kunne vege opp for saltstongsaltet – var det ikkje for at tårene er våte! Ein ganske tørr vits: tårene «mangla dette tørre/ som gjer saltstenger til slik ei nyting».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement