Diktet
Diktet: Alexander Fallo
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Neste instagrampoet ute i diktspalta er Alexander Fallo, som gav ut Du fucker med hjertet mitt nå i 2020. Fallo skil seg frå dei instagrampoetane eg hittil har skrive om: Her er mindre direkte ordspel, og dikta vitnar om djupare poetisk språkarbeid, utan at dei misser den direkte, kommunikative stilen.
I intervju seier han at eit av førebileta hans er Richard Brautigan, ein av dei amerikanske beatpoetane. Dei var kjende for den antikonforme livs- og diktstilen som appellerte til ein ny generasjon. Fallo nemner som ideal òg den norske tradisjonen etter desse diktarane, som hjå Jan Erik Vold. Denne frekke tonen har gått inn i norsk poesi, og vi finn han mange stader, frå Bertrand Besigye til Anna Kleiva.
Men det er òg ein var, melankolsk tone hjå Fallo – elles hadde han vel ikkje vore diktar? Diktsamlingar om vanskeleg kjærleik skrivne av kvinner kjem ut kvart år. Men kvinnene har sjølvsagt ikkje monopol på kjensler. Fallo skriv òg om kjærleiksvanskar, og då med ein maskulin tone.
Då skjønar vi alt ein del i diktet attmed. Alle veit kven Aleksander den store var – den allmektige landvinnaren. Forfattaren har jo same fornamn. Han byggjer opp ei positiv identifisering før han bryt heilt av med «rasshølet». Diktaren viser så til forviklingar mellom seg og kjærasten – flokar som låser seg som ein «gordisk knute». Den gordiske knuten er òg ein referanse til klassisk tid: Denne trylleknuten fanst i Zevs’ tempel i Gordion. Den som løyste denne knuten, skulle bli herre over Asia, heiter det i myten. Aleksander den store skal ha løyst knuten ved å hogge over han med sverdet.
Det er vel difor «rasshøl» er bruka – som bilete på den utolmodige mannen som ikkje vanst spelet med å løyse «knuten» på forholdet? Diktet er gjennomarbeidd med bokstav- og enderim og eit ordspel («sjå gjennom fingrane»). I tillegg har Fallo lagt inn ein pause mellom «klare» og «se bort» – som ein illustrasjon på den avstanden som oppstår mellom dei, før det heile blir brote av med eit hogg.
jeg var alexander den store
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.