JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Digital strikking

Strikking er ikkje det det ein gong var.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Garnprodusentane brukar andre verkemiddel for å selje design i dag enn dei gjorde før. Biletet til venstre er frå 1997 og det til høgre frå 2020.

Foto: Rauma Ullvarefabrikk

5214
20200207
5214
20200207

Lytt til artikkelen:

emma@dagogtid.no

1200 strikkarar sit i desse dagar lenka til Facebook. Gjennom den digitale plattforma får dei dag for dag servert ein brøkdel av ei strikkeoppskrift. Inngangen har kosta dei 140 kroner. Strikketøyet veks etter kvart som postane i gruppa blir fleire. Kva resultatet av bundingen blir, veit ingen av dei. Men dei stolar på avsendaren, Ingunn Myklebust. Dei veit at det ho gir dei, er noko dei vil ha. Den førre boka med strikkeoppskrifter Myklebust gav ut, var ein bestseljar.

Ei såkalla samstrikking, eller knit along, som fenomenet heiter på engelsk, samlar strikkarar som likar overraskingar. Dei synest det er spennande å ikkje vite kva det dei strikkar, blir til slutt.

Men spenningssøking er ikkje det einaste ein assosierer med strikking. Ein kanskje endå viktigare motivasjon til å samstrikke er fellesskapet som oppstår blant dei som deltar. Bak kvar skjerm, i kvar stove, er strikkarane i sosialt selskap. I gruppa kan dei spørje kvarandre om hjelp til å tyde oppskrifta, dele bilde og grunde på kva plagget skal bli.

Strikk og drikk

For dei som ikkje vågar å satse pengane sine på eit prosjekt dei ikkje veit kor endar, finst andre møteplassar. På strikkekino snurrar filmen i ein sal med nok lys til at ein ser strikketøyet. På strikkefestivalar samlar strikkeentusiastar seg for å høyre foredrag, kjøpe utstyr og treffe folk som deler interessa deira. Fleire bibliotek arrangerer Strikk og lytt: Ein forfattar eller bibliotekar les eller fortel og lèt seg ikkje bli forstyrra av klirrande pinnar og blikk som går til strikketøyet i staden for scena. Strikk og drikk er av dei meir avslappa rammene strikkarar møtest i. Her kan dei strikke og, ja, drikke. Ein nær slektning av syklubben, må ein vel kalle Strikk og drikk.

Det finst fysiske møteplassar for dei fleste typar strikkarar, men endå fleire samlar seg på sosiale medium. I grupper og gjennom emneknaggar på Instagram og Facebook deler folk bilde til inspirasjon for andre, teknikkar og råd. Dei største gruppene har kring 120.000 medlemmer som applauderer kvarandre og hjelper til der det trengs.

 Sosiale medium er også ei gullgruve for dei som vil lære. Kunnskapen har tradisjonelt vorte overført frå generasjon til generasjon i familien. Men kring tusenårsskiftet såg strikketradisjonen døden i kvitauget, og i 2010 strikka berre 5 prosent av norske kvinner. Når foreldre og besteforeldre ikkje kan stå til disposisjon, valfartar nybyrjarar til Facebook-grupper. Her sit fleire tusen meir og mindre kompetente strikkarar klare til å ause av eiga erfaring. Og tolmodet som nokre av veteranane viser der, er dei færraste pedagogar forunnt.

Kultur i endring

Med større tilgang til kunnskap har talet på strikkarar auka i ein enorm fart. For nokre er målet å strikke unike og eigenarta plagg, men det ser ut til å gjelde eit fåtal. Om ein sporar aktiviteten til strikkarar på sosiale medium, er oppskrifter grunnlaget for mykje av det folk lagar. Marius-genseren har fått ein renessanse, og design som Skappel-genseren blir strikka av mange. Dei mest populære oppskriftene blir trendplagg, på same måte som Per Spook-genseren var det på 1980-talet. Forskjellen er at dei nye suksessmønstra ikkje kjem frå etablerte aktørar som Husfliden og store garnprodusentar. Små gründerar og privatpersonar kan enkelt få merksemd for designa sine og skyve store bedrifter til side. Men ein treng ikkje frykte for framtida til Rauma Ullvarefabrikk og Dale Garn med det første: Dei sel framleis garn og heng med på trendane. Bleike modellar med hengslete skuldrer har i stor grad erstatta rosenraude kinn og friskusar i snøskavlen i mønsterillustrasjonane.

Slik har òg strikkeoppskrifta endra form, frå forkortingar og diagram berre den innvigde kunne tyde, til skildringar av korleis strikkaren skal handtere kvar og ei maske. Dei mest detaljerte oppskriftene på ein genser kan vere på tolv sider. (Ei gammaldags genseroppskrift var på kring tre sider.) Då blir forenklinga til ei forverring, for ein må bla seg fram og tilbake kvar gong ein skal ta til med eit nytt steg i oppskrifta. Endringa i mønsterspråket er nok eit symptom på generasjonshoppet strikkekunsten har tatt. Den moderne generasjonen strikkarar finn nye måtar å formidle på, fordi mange er sjølvlærde. Resultatet er oppskrifter tilpassa ein strikkegenerasjon som lærer mens dei strikkar.

Vanedannande

Grunnane til å ta til med strikking kan vere mange: Nokre blir motiverte av å lage klede sjølv eller å få seg noko nytt. Andre strikkar i staden for å støtte uetisk kledeproduksjon, eller for å – paradoksalt nok – ta ein pause frå den hektiske digitale kvardagen. Men forklaringa på kva som får folk til å halde fram med å strikke, er kanskje enkel: Strikking er vanedannande. Det er tilfredsstillande å kaste maske for maske og sjå eit plagg vekse mellom hendene. Strikkarar i heile landet sit oppe til seint på kvelden og tenker «ein runde til», mens armar og fingrar blir ømme og betente.

Då er samstrikking greitt, for oppdelinga av mønsteret hindrar ivrige strikkarar i å strikke for mykje i gongen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bak kvar skjerm, i kvar stove, er strikkarane i sosialt selskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis