Diktet

Dette tusen år gamle diktet kjennest up to date.

Teikning av Skade av Mary H. Foster (1901).
Publisert Sist oppdatert

Denne gongen fører ikkje jordiske menneske ordet i poesien eg omtalar, men guddomlege skapningar. Dei to strofene eg siterer nedanfor, formar ein dialog mellom Njord, ein gud av vaneætta, og Skade, dotter av ein jotun.

Njord er havguden i norrøn mytologi, og heimen hans er Noatun (Skipshamn), medan Skade er frå fjellandskapet Trymheim. Dei var kjære i heimstadene sine, og då dei gifte seg, ville ingen av dei flytte, så dei vart samde om å byte på bustaden: ni dagar i Trymheim og så ni dagar i Noatun.

Kjenner vi oss ikkje att i problematikken deira? Faktisk er stridstemaet erkenorsk. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at over éin million nordmenn pendlar. Dei to strofene viser òg kor samansett Noreg er. Eg sit og les eit stykke om norsk topografi frå 1763, i Det Kongerige Norge. Der skriv Hans Steenbuch: «I et land af saa ulige Beskaffenhed som Norge, gaaer det ikke an, at giette fra et til et andet Sted.»

Njord og Skade ville ha vore heilt samde, og mange av dykk lesarar med. Ulveuling er ikkje så vanleg lenger, men måseskrik kan ta livet av nokon kvar. På det punktet kjennest dette tusen år gamle diktet up to date.

Så litt norrøn verslære: Strofene er dikta i ljodahått. Det vil seia at to versliner blir bundne saman til ei langline gjennom stavrim. Til dømes i stavrim på s- i «Eg fekk ikkje sova/ i seng ved sjøen». Deretter fylgjer ei såkalla full-line som rimar på seg sjølv, her med rimord på n-: «einast netter nie». Dette skjemaet går att i dei tre neste linene.

Ljodahått tel altså seks versliner. Strofene har Snorre teke med i si norrøne gudelære, «Gylvaginning», i Den yngre Edda (ca. 1220), men dei er truleg frå eit eldre, tapt eddadikt. Eg takkar Klaus Johan Myrvoll for denne informasjonen. Det er Erik Eggen som har attdikta dei til nynorsk.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel