Kan henda smør me tjukt på om me seier at målet vårt er smurt med smør, men smør og smør-ord er i alle fall god språkleg smurning: Dei er lette å skjøna og brukande i ei rad ulike samanhengar, og opningsljoden sm- gjev orda god glid. Dessutan er det heilt trygt å ta smør i munnen tidt og ofte, me treng ikkje tenkja på feittet eller ottast at butikkhyllene vert tømde.
Den stadige bruken av smør (norr. smjör, smør) provar at smøret har hatt mykje å seia for oss: Det har vore eit kjært næringsmiddel og jamvel eit nyttig verdimål, til dømes ved utrekning av landskyld i eldre tid. Ordet smør har nære slektningar i ei rad germanske mål, til dømes engelsk smear ('flekk; tilgrising' mfl.) og tysk Schmer ('svinefeitt, smult' o.l.). Opphavet deira synest vera ei gamal rot eller grunnform med tydingar som 'feitt; søle' og dilikt.
Soleis rimar det godt at dei i norrøn tid nytta smjör (el. smør) både om smør og om feitt i det heile. Smjör var attpåtil eit vanleg tilnamn: Me finn skildrande samansetjingar som smjörbakr («feitt-/smørrygg»), smjörmagi («smørmage») og smjörrer («smørkuk»). Tilnamnet smjörkollr («smørhovud») tydde vel at namneberaren hadde eit feittrikt andlet, jamvel om «tjukk i hovudet» er ei særs lokkande tolking i dag.
Me nyttar som oftast smør om sjølve næringsmiddelet, men det skortar ikkje på ordlag med smør i seg. «Smør på flesk» er velkjent. Det same er «jammen sa eg smør!». Nynorskordboka gjev det tydinga 'tvert imot!', Norsk Ordbok 2014 opplyser at det er nytta 'om voner som ikkje slår til'. Opphavet til ordlaget er kanskje mislukka kinning?
I alle tilfelle er verbet smørja (av smør) smurt godt utover: Bruken er no so mangslungen og vidgreint at det er uråd å rekka over heile smørja. Likevel ser me greitt at hovudtydinga 'klina, stryka (eit feitt el. blautt emne) utover' ligg til grunn for dei andre seiemåtane, som «smørja ski», «smørja hengslene», «smørja seg inn med solkrem». Det finaste ordlaget er vel «smørja seg med tolmod»?
Det som er smurt, går lett og slik me vil det skal gjera, dimed er det stundom tenleg å smørja andre folk: «Dei hadde smurt domaren». Det motsette er å «smørja til/opp nokon» (dengja, slå) etterpå kan du «smørja saman» ei bortforklaring. Målet er visseleg ikkje smørjefritt, so det gjeld å ikkje «smørja seg bort».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.