Kommentar
Retten til å bombe
Kva fortel det at president Macron meiner det amerikanske åtaket på Iran var legitimt, medan statsminister Støre meiner det ikkje var det?
Eit av dei sju B-2-bombeflya som tok av frå Whiteman-basen i Missouri i USA for å ta del i Midnight Hammer-operasjonen mot iranske mål.
Foto: U.S. Air Force
Var USA sitt åtak på Iran i tråd med folkeretten? Rutte, Macron og Støre – tre europeiske leiarar som alle høyrer til i det politiske sentrum, kom denne veka til tre ulike svar. Nato-sjefen meinte at åtaket på Iran var i tråd med folkeretten, Noregs statsleiar at hevda det var i strid med folkeretten, medan den franske presidenten kunne melde at åtaket var utanfor rammene til folkeretten, men legitimt likevel. Kva skal ein stakkar tenkje no?
Den 13. juni gjekk Israel til militært åtak på Iran. Iran svara, og krig mellom Iran og Israel var eit faktum. Den 21. juni gjekk også USA til åtak på tre iranske atomvåpenanlegg. Så gav USA eit ultimatum til Iran – kom til forhandlingsbordet eller risiker alt! Den 24. juni pressa USA gjennom ei våpenkvile mellom partane og bringa til endes det Trump vil skal heite «tolvdagarskrigen» mellom Iran og Israel. I korte trekk pressa USA seg inn i krigen, reduserte atomvåpenproduksjonfasilitetane til Iran og tvinga dei krigførande partane til å leggje ned våpena. Enden var god. Men var det lov?
Folkeretten er ikkje ei sjølvmordspakt for statar. Utsegna er ein klassikar hjå folkerettsjuristar og kunne vore henta fram av Nato-sjefen Rutte då han raskt slo fast at «USA ikkje braut folkeretten med sitt åtak på Iran», men i staden peika på utsiktene til at Iran skulle få atomvåpen. «Det ville ha gjeve dei kvelartak på Israel og heile regionen», kom det frå Rutte. Om ein legg Nato-sjefen si regelforståing til grunn, gjeld maktforbodet ikkje når det handlar om å «hindre ein terrorstat i å skaffe seg atomvåpen». Stemmer det?
Den viktigaste traktaten i verda i dag er FN-pakta, «verdsgrunnlova», som regulerer krig og fred. Den slår fast maktforbodet i artikkel 2(4). Bruk av militær makt eller trugsmål om militær maktbruk mot andre statar er forbode utanfor ein stat sitt eige suverene territorium. Regelen har to unntak. Det eine er dersom Tryggingsrådet blandar seg inn og autoriserer militær maktbruk for å sikre internasjonal fred og tryggleik (kapittel VII-mandat). Det andre er dersom ein stat har rett til sjølvforsvar fordi staten er utsett for eit væpna åtak (artikkel 51). Maktbruken må under begge unntaka vere naudsynt og proporsjonal for føremålet. Sjølvforsvar må òg vere siste utveg.
Åtak som ikkje er i tråd med eit av desse unntaka, er i strid med maktforbodet. Om åtaket er av eit visst omfang, vil det utløyse den angripne staten sin rett til sjølvforsvar under FN-pakta artikkel 51.
Både Israel og Iran hevda å ha sjølvforsvarsretten på si side i tolvdagarskrigen. Israel melde inn til Tryggingsrådet at åtaket mot Iran var gjort i sjølvforsvar, og dermed lovleg. Israels rett til sjølvforsvar kviler på eit framtidig hypotetisk væpna åtak mot Israel frå Iran med atomvåpen. For å «forsvare seg» mot dette må Israel hindre at Iran faktisk skaffar seg atomvåpen. Resolusjonen frå IAEA 12. juni om at Iran braut sine plikter til ikkje-spreiing, i tillegg til «ny israelsk etterretning», gjorde at Israel hevda å ha rett til å gå til preventivt sjølvforsvar for å hindre Iran i å skaffe seg atomvåpen. Iran på si side melde inn åtaket frå Israel som ulovleg væpna åtak, eit kvalifisert brot på maktforbodet i FN-pakta 2(4), og dermed noko som gav Iran rett til sjølvforsvar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.