JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Det evig urettvise helsevesenet

I boka Viljen til liv skildrar Aina Schiøtz helsevesenet som arena for profesjonskamp, kjønnskamp og klassekamp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå ein lobotomioperasjon i England i 1947.

Foto: R. Hutton / Aktuell / NTB scanpix

7312
20170428
7312
20170428

HISTORIE

janh@landro.bergen.no

Boka Viljen til liv. Medisin- og helsehistorie frå antikken til vår tid er eit pionerarbeid. Ein slik studie har ikkje vore skriven her i landet på åtti år, og i løpet av desse åra har det meste endra seg i medisinen og helsestellet. Sjølv om Schiøtz, som er professor i medisinsk historie ved Universitetet i Bergen, kjenner seg tryggare på å tale om fortida enn om framtida, ser ho greitt føre seg at genteknologien er det området som vil by på dei største utfordringane. Endringane og nyvinningane her skjer i eit tempo som gjer det uråd for eit vanleg menneske å følgje med.

– Her går utviklinga så raskt at det kjennest som om det eg har skrive om feltet i boka, alt er forelda. Feltet er uoversiktleg, vanskeleg å setje seg inn i, reiser krevjande etiske spørsmål og har ei rekkjevidd så stor at eg trur knapt heller ikkje dei som arbeider med det, heilt veit i kva retning det går.

Historia om medisin og helsestell i Noreg dei siste par hundre åra er sjølvsagt ei forteljing om framsteg og betre vilkår for både pasientar og helsepersonell. Men alt kom ikkje av seg sjølv, og forfattaren gir ei rad døme på profesjonskampar og andre kampar – ikkje minst for å få ein ende på dei mange og store ulikskapane som følgde av sosial klasse og kjønn.

– Det som går igjen i mykje av historia, er kor ulikt pasientar blei behandla, dels på grunn av kjønn, dels på grunn av klasse. Med den innvandrarfolkesetnaden vi no har fått, er ulikskap i helse igjen blitt eit heitt tema i medisinen. Framleis meiner eg ressurssterke personar får ein enklare veg gjennom det medisinske systemet enn dei med mindre ressursar. Men kjønns- og klasseskilnadene var større i tider då kvinnas plass «etter naturen» var under mannen, og den sosiale klassestrukturen var mykje meir fasttømra enn i dag.

Også i sjukdomsmønsteret kjem desse ulikskapane til uttrykk. Somme sjukdommar får meir merksemd enn andre. Slik har det vore gjennom heile den nye medisinhistoria. Nedst ligg truleg rusrelaterte lidingar. Også psykiatrien har låg status. Der vi i tidlegare tider fann det største sosiale klasseskiljet, var mellom privat og offentleg helsestell, til dømes i tuberkuloseomsorga.

– Står førebygging sterkare eller svakare enn i åra etter krigen?

– Den innsatsen er svekt, men han er òg annleis etter at ein meir eller mindre fekk bukt med tuberkulosen og infeksjonssjukdommane på 1950- og 60-talet. Etter kvart hadde til dømes det klassiske skulehelsearbeidet utspelt si rolle. Så kom dei psykiske problema, og dei hadde ein korkje kunnskapar eller ressursar til å hanskast med. Samfunnsmedisinen, som skal arbeide med denne sektoren, er i dag eit lågstatusfag som slit med rekrutteringa. Kommunehelselova av 1982 gjorde slutt på distriktslegeordninga og ei ordning der desse offentleg tilsette legane hadde plikt til både å drive folkehelsearbeid, slik som førebygging, og å behandle pasientar. I staden fekk vi kommunelegar og seinare fastlegar, men fastlegane, som er den langt største gruppa av primærlegane, driv knapt nok førebyggjande arbeid.

Overgrep mot kvinner

Aina Schiøtz konstaterer at ulikskapane framleis eksisterer – om dei er mindre graverande enn før. Forskjellsbehandlinga av pasientar tar aldri slutt, trur ho. Men dagens legar behandlar pasientane på ein langt meir respektfull måte enn tidlegare, sjølv om det framleis er ein og annan som kunne trengje eit kommunikasjonskurs. Eg trur nok vi må leve med klasseproblematikken innan profesjonane i helsestellet.

– Du skriv at vi kan sjå på gynekologihistoria, der det skjedde ei rekkje overgrep mot kvinner. Det må du utdjupe.

– Kvinnene vart umyndiggjorde og i større grad enn menn brukte som «forsøksdyr», og dei blei definerte som avvikarar og til og med som abnorme dersom dei låg utanfor «normalstandarden».

Legane har også uttala seg om kvinnelege venleiksideal, og til tider definert desse. Kva har ein lege med det å gjere? Slikt fører beinveges fram til dagens lukrative kosmetiske kirurgi, som stadig fleire unge kvinner nyttar seg av.

Effektivitetsjag

Mellom anna med kvinnehistorikar Ida Blom som referanse, skriv Aina Schiøtz at sjukehusfødslar med avanserte teknikkar og fleire fagpersonar tvillaust har gjort det tryggare å føde. På den andre sida kan effektivitetsjaget og teknologien verke framandgjerande, og desse eigenskapane har eit stykke på veg teke ifrå fødekvinna kjenslene av glede og fullbyrding. Er løysinga å føde heime, med ei einsleg jordmor kring seg, slik det var i tidlegare tider?

– Nei, kjem det kontant frå Aina Schiøtz.

– Dei fleste vil i dag kjenne seg ganske hjelpelause dersom dei ikkje har eit heilt apparat i nærleiken, ikkje som før, då jordmora var den einaste fagpersonen.

Om få år vil kvinner vere i fleirtal blant legane her i landet. Kva konsekvensar vil det få?

– Eg synest det er synd om helsestellet blir ein rein kvinnearbeidsplass. Best og sunnast er som regel eit blanda arbeidsmiljø, og pasientane treng både kvinner og menn i behandling og pleie. At sjølve legerolla blir påverka av at stadig fleire kvinner kjem inn, er heilt opplagt.

Kor stort er problemet med sjukeleggjering innanfor medisinen?

– Eg tykkjer det er blitt mykje av det. Sjølv har eg aldri gått til mammografi. Eg vil ikkje vere med på den karusellen der. Kvinner går truleg for ofte til legen, menn kunne vore ivrigare. Noko av problemet er det vi kallar «medikalisering», det vil seie at medisinen har gått inn på stadig fleire av dei områda som før var ein naturleg del av livet, og som folk flest greidde opp i sjølv, i det som vart kalla kvardagsplager.

Stundom lurer eg også på om pasientrettane går for langt, og at folk krev for mykje. Også vi som pasientar må kunne drøfte kvar pengane skal gå. Ei knallhard prioritering må til, som alltid i helsestellet. Nok pengar har det aldri vore, derfor må kvar og ein prøve å sjå litt utanom seg sjølv.

Eit paradoks

Helsestellet er kjent for profesjonskampane; mellom legar, mellom legar og sjukepleiarar, mellom sjukepleiarar og hjelpepleiarar, mellom sjukepleiarar og jordmødrer. Til sjuande og siste er det vel pasientane som taper på dette?

– Du kan sjå desse kampane som noko som får partane til å skjerpe seg, vise kva dei er gode for, kva profesjonen deira er verd. Men i visse tilfelle blir nok pasientane negativt påverka; dei blir offer for frustrasjonar, protestar og uproduktiv tidsbruk.

Kampen mot kvakksalvarar og kloke koner og menn har gått føre seg så lenge legeprofesjonen har eksistert. Vil du seie at etableringa av NAFKAM (Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin) i 2000 og Lov om alternativ behandling av sykdom (2004) har legitimert bruk av alternative behandlarar?

– Til dels ja, men framleis er det ein god del legar som er meir enn skeptiske. Men stadig fleire anerkjenner at det kan vere noko å hente der. Paradokset er dette: Aldri har vi hatt så mange legar, aldri har det vore så lett å få helsehjelp – og aldri har så mange søkt alternativ hjelp. Her er det også kvinnene som er ivrigast.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv har eg aldri gått til mammo-

grafi. Eg vil ikkje vere med på den

karusellen der.

Aina Schiøtz, professor i
medisinsk historie

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis