Diktet

«Det er nok ukjent at Thesen gav ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre.»

Publisert Sist oppdatert

Diktet nedanfor er skrive av eit kjent og viktig namn innan nynorskrørsla, Rolv Thesen (1896–1966), fødd på Moskenesøy i Lofoten. Thesen gjorde seg gjeldande innan mange område. Han skreiv for avisa Den 17de Mai før han vart bokmeldar i Arbeiderbladet, der han arbeidde i nesten 40 år. Han er kjend for forskings- og formidlingsarbeidet han gjorde om Arne og Hulda Garborg og om Olav Duun. Ei bok han skreiv som fanst, og kanskje enno finst, i mange nordnorske heimar, er Lofoten i norsk litteratur og kunst (1956).

Men det er nok ukjent at Thesen gav ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre: Etter stormen (1945), Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963). «Sjøvêrsmorgon» er frå debuten og vitnar om ei stilsikker og talentfull diktarhand. Diktet formar eit panorama over ei hamn med fiskeskøyter i Lofoten. Det er skrive med enkle, råkande bilete, som framstillinga av fiskarflåten som ein skog.

Det minner meg om ein freske over same motiv av Axel Revold, ein kunstnar som levde samtidig med Thesen. Jamvel om Thesens poetiske «freske» har eit stilisert, overindividuelt preg, anar vi menneskeleg fare i namnebruken. «Daudmannsskjer» vitnar om tragediane i lofotfisket. I gamle dagar drukna opp mot éin av tre menn på fiske.

«Daudmannsskjer» er eit gjennomgangstema i Etter stormen, som òg er samansett av lange, forteljande dikt, som det ikkje er plass til i denne spalta. Desse dikta har like stor litterær kvalitet som «Sjøvêrsmorgon». Eg siterer her gripande versliner frå «Knausen i havet»: «Ja, eg er berre ein stakkars knaus,/ du har rett i det, –/ rukkut og grå og herja av havet,/ med jarnpålar gjennom mitt hjarta./ Ikkje ein blom har fått vekse/ i sprungene mine,/ ikkje eit einaste strå, –/ endå både måse og skarv og e (…) har nørt mine nakne berg».

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel