Det dyraste målarstykket i verda
Ei rådyrt bilete av Leonardo da Vinci skulle visast i Abu Dhabi no i september, men avdukinga er utsett.
«Salvator Mundi» av Leonardo da Vinci kostar flesk.
Foto: Wikipedia / Getty Images
KUNST
ronny@dagogtid.no
For ti månader sidan var ein kunstauksjon arrangert av Christie’s i New York det store samtaleemnet i kunstverda. Der vart eit portrett av Jesus med tittelen «Salvator Mundi», «verdsens frelsar» av Leonardo da Vinci auksjonert bort for den astronomiske summen av 450 millionar dollar – om lag 3,7 milliardar kroner. Kunstverket er utført i olje på valnøttre og vart måla for kongen i Frankrike, Ludvig XII, ein gong mellom 1506 og 1513.
Seljaren var den russiske forretningsmannen Dimitrij Rybolovlev.
Kjøparen var i eit heilt anna land. Fyrst lenge etter salet vart det kjent at ein saudisk prins stod attom det høge bodet. Han kjøpte biletet på vegner av heimstaden sin, Abu Dhabi, eit av dei sju emirata som utgjer Dei sameinte arabiske emirata.
I midten av september skulle kunstverket avdukast i Louvres avdeling i Abu Dhabi og presenterast som juvelen i museet. Men no er avdukinga utsett av uvisse grunnar. Ifylgje ei lokal avis er avdukinga utsett til 11. november. Då feirar museet nemleg eitt år.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
KUNST
ronny@dagogtid.no
For ti månader sidan var ein kunstauksjon arrangert av Christie’s i New York det store samtaleemnet i kunstverda. Der vart eit portrett av Jesus med tittelen «Salvator Mundi», «verdsens frelsar» av Leonardo da Vinci auksjonert bort for den astronomiske summen av 450 millionar dollar – om lag 3,7 milliardar kroner. Kunstverket er utført i olje på valnøttre og vart måla for kongen i Frankrike, Ludvig XII, ein gong mellom 1506 og 1513.
Seljaren var den russiske forretningsmannen Dimitrij Rybolovlev.
Kjøparen var i eit heilt anna land. Fyrst lenge etter salet vart det kjent at ein saudisk prins stod attom det høge bodet. Han kjøpte biletet på vegner av heimstaden sin, Abu Dhabi, eit av dei sju emirata som utgjer Dei sameinte arabiske emirata.
I midten av september skulle kunstverket avdukast i Louvres avdeling i Abu Dhabi og presenterast som juvelen i museet. Men no er avdukinga utsett av uvisse grunnar. Ifylgje ei lokal avis er avdukinga utsett til 11. november. Då feirar museet nemleg eitt år.
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.