Den tidlause sorgaForfattaren Marie mista språket då sonen døydde. I ei ny bok klarer ho å skildre tapet.

Forfattaren Naja Marie Aidt mista språket då sonen døydde. I ei ny bok klarer ho å skildre tapet.

Den danske forfattaren Naja Marie Aidt har skrive bok om sonen Carl, som døydde 25 år gammal.
Den danske forfattaren Naja Marie Aidt har skrive bok om sonen Carl, som døydde 25 år gammal.
Publisert

I 2015 tok 25 år gamle Carl eit hallusinerande stoff. Då stoffet utløyste ein psykose, hoppa Carl ut av vindauget i fjerde etasje. Den prisvinnande danske forfattaren Naja Marie Aidt set ord på det å miste sonen i boka Har døden tatt noe fra deg så gi det tilbake. Carls bok, omsett til norsk av Trude Marstein. Boka består av små tekstar, dikt, essay og dagbokutdrag som alle veks rundt den sentrale teksten. Aidt skriv panisk, detaljert og gjentakande om dei to døgna frå ulykka og fram til sonen døydde.

– Det er ei bok om eit stort sjokk og ei stor sorg. Eg har forsøkt å finne ei litterær form som speglar begge delar, ved å la boka vere fragmentarisk og desperat i sjølve forma.

– Planla du å gi ut ei bok om Carl?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Eg har alltid skrive dagbok, og det var naturleg å ta med passasjar om Carl. Det var jo ein vanvitig situasjon: Korleis kunne eg skrive om det verste som hadde skjedd meg? Eg visste at eg var nøydd til å skrive boka om eg skulle kunne skrive andre bøker i framtida. Å skrive har alltid vore livet mitt, og no hadde eg ei oppleving av at alt var meiningslaust. Eg kjempa likevel for å skrive denne boka for å dele historia mi og for å heidre den døde sonen min.

– Du nyttar mange skildringar av draumar du har hatt. Kva kan draumar fortelje, og kvifor passar dei inn i boka?

– Det var naturleg å bruke dei, for når ein er i total sjokktilstand, så vert ein heimsøkt også i draumar. Ein leitar desperat etter ei meining, og ein leitar etter den døde. Undermedvitet jobbar i søvne, og i denne sjokktilstanden var det nesten som om vaken tid og draumetid flaut saman. Eg trur eg desperat søkte svar i draumane. Det var ein del av sorga, av smerta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement