Den siste rådmannFyrst forsvann «formann», så «opphavsmann». No bed kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) kommunane om å byte ut «rådmann» med «kommunedirektør».
Fyrst forsvann formann, så opphavsmann. No bed kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) kommunane om å byte ut rådmann med kommunedirektør.
Ordførarar frå Asker, Hurum og Røyken sit ved bordet, medan rådmennene deira står bak. Biletet vart teke i 2016 i samband med kommunesamanslåinga. Kommunalminister den gong, Jan Tore Sanner, står nøgd i midten. Langt frå alle kommunar har karar som rådmenn. Meir enn hundre rådmenn i Noreg er kvinner.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Rådmann er avleggs og skal bort. Det er meldinga i ei ny kommunelov som kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland la fram i mars. Lova er no til behandling i Stortinget.
Utvalet som står bak den nye lova, meiner rådmann er avleggs av to grunnar. For det fyrste er termen misvisande, fordi rådmannen er øvste leiar for den kommunale administrasjonen. Han eller ho bør difor heite kommunedirektør.
Det andre argumentet handlar om kjønnspolitikk. «Det er en målsetting at slike titler skal være kjønnsnøytrale», strekar utvalet under. Framlegget deira var at kommunedirektør av den grunn skulle bli ein lovfesta tittel – altså at alle kommunar vart nøydde til å bruke han. Men før ministeren fekk sagt sin endeleg dom, vart lovframlegget sendt ut på høyring: 55 høyringsinstansar var imot framlegget, medan berre 15 var for. Departementet vel difor ein mellomveg: Dei vil oppmode, ikkje tvinge, kommunane til å endre tittelen.
«Meiningslaust språkleg jåleri», er kommentaren frå Bjørn Sølsnes (Sp), som er formannskapsmedlem i Leikanger.
Men er dette «språkleg jåleri»? Det er ikkje fyrste gong mannen står for fall – då meiner vi sjølvsagt mann i samansetjingar der det tyder menneske. Språkutviklinga dei siste åra viser at den eine etter den andre mannen har falle ifrå.
«Formann Mao»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.