JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den siste nasjonsbyggjaren

Harald Hårfagre fullførte ikkje samlinga av Noreg. Erik Bye la den siste steinen til samlingsverket gjennom fjernsynet, fortel Bye-biograf Asbjørn Bakke.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Erik Bye var nasjonsbyggjar og byggjeklossane var vanlege folk, fortel Asbjørn Bakke. Her frå eit program i Øst-Torpa i 1967, i nærkontakt med tømmerhoggar Berte Nybakke.

Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

7725
20171103
7725
20171103

Litteratur

ronny@dagogtid.no

– Fyrst med TV vart Harald Hårfagres samling av Noreg fullført. Det er Erik Byes ord. Då fekk nordmenn lengst nord og lengst sør i landet for fyrste gong sjå kvarandre direkte. Det var småkårsfolk Bye portretterte, dei var byggjeklossane til det moderne Noreg.

Det fortel vaktsjef i Aftenposten og musikkjournalist Asbjørn Bakke, som er aktuell med biografien om kringkastingspioneren Erik Bye.

Småkårsfolket gjaldt særleg sjøfolk:

– Bye såg at sjømenn hadde låg status. Den maritime kulturen var neglisjert. Stabbur og stavkyrkjer var komne på museum, men ingen gallionsfigur eller for den del sjark var teken vare på. Dette galdt kystkulturen som utgjer ein stor del av landet.

I dette biletet har etterkrigsseglarane ein særskild posisjon, fortel Bakke vidare, dei hadde beintfram vorte lurte.

– Krigseglarane var lova eit risikotillegg som skulle betalast ut etter krigen. Summen, på 43,7 millionar som stod klar på konto i 1945, fekk dei ikkje. «Snyteri av ærlige folk», kalla Erik Bye det. Bye retta ein lyskastar mot dette skamkapitlet i norsk historie.

Men i termen «nasjonsbyggjar» låg det òg ei dobbelhaldning andsynes TV-en. Ein dag i 1960-åra sat Erik Bye heime i stova si på Hvalstadåsen. På skjermen rulla programmet Trekampen, det handla om å samle flest barnevogner på eit torg. Kven vann: svenskane, danskane eller nordmennene?

«Dette er for jævlig! Dumt! Pinlig! Idioti! Tøv! Fjolleri!» braut Bye ut.

Bye fornya media

Men før vi kjem så langt, lyt vi dvelja ved kva rikskringkasting Erik Bye eigenleg kom til då han fekk fast stilling i NRK i 1958.

Ein titt på ei programliste røper kor stivt og høgkulturelt NRK var. Den gongen hadde NRK monopol, det fanst berre éin kanal. Her er eit døme på kva som gjekk på beste sendetid ein dag sist i 60-åra, frå klokka 21.15 til 22.30: «Både–og eller enten–eller? Samtale om kristendomsundervisninga og livssynsorientering i grunnskolen».

– Bye sprengde ideen for kva som var underhaldning. NRK var dominert av alvor og stiv opplesing. Han hadde studert journalistikk og drama ved Midland College, han hadde jobba som journalist i lokalaviser i USA, og seinare for BBC i England, der han hadde kontakt med Anthony Martin, som gav han trening i avansert radiojournalistikk.

Det nye kom til uttrykk i program Bye utvikla for NRK, som den faste spalta i «Søndagsposten», «Bye på by’n», der Bye tok med seg mikrofonen og intervjua folk på gata. Den direkte reporterstilen fekk fylgjer for språket i radio: Det kom meir dialekt på lufta og bruk av «du», der situasjonen kravde «De». Både målfolk og riksmålsfolk reagerte. Bye avviste dei med «selvsagt skal vi ta hensyn til fanatikere på begge sider. Vi skal ta akkurat det hensynet til dem som de har krav på. Absolutt ingenting».

Det kunne gå svært dramatisk føre seg. I ein episode av «Søndagsposten», der temaet var parodi på samtidsmusikk, tok Bye opptak av Kjell Aukrust då kan skaut med hagle mot eit notestativ, rett utanfor Marienlyst. Ein parallell i dag måtte nærast vera NRK-programmet «Ikke gjør dette hjemme».

Så fylgde programpostar Bye er kjend for: «Vi går om bord», «Idébanken», der Bye reiste land og strand rundt for å stimulere idérike menneske, og «Lørdagskvelden», der han mellom anna overraska ved å inkludere utviklingshemma i sendinga, og sist «Lørdagsredaksjonen», som skulle gje den norske laurdagskosen ein «springskalle».

Den norske Mark Twain

Men om Bye fornya mediet, høyrde han til ei gruppe reporterar vi knapt ser lenger. Ved sida av journalistikk inneheldt magistergraden hans frå USA engelsk litteratur. Bye skreiv oppgåve om Mark Twain, forfattaren av Huckleberry Finn, som handlar om Huckleberry Finn og den rømte slaven Jims reise nedover Mississippi. «Den amerikanske sagaen», er romanen vorte kalla.

– Var Bye ein norsk Twain?

– Det meiner eg ein kan seia, fortel Bakke og held fram:

– For det fyrste var Bye sjølv diktar, om så TV-mannen Bye skygde for visesongaren. Bye hadde ei kunstnarleg tilnærming til verda. Det gjaldt ikkje berre litteraturen. Styrken hans var at han hadde så mange uttrykkskanalar, medan han sjølv meinte at han ikkje var bra nok innanfor nokon av dei. Han slutta å komponere, jamvel om han var ein talentfull komponist. Han kalla seg aldri songar, og fyrst på slutten av livet våga han å bruke ordet diktar.

Bakke kjem så til det andre punktet:

– Bye reiste som ein Huckleberry Finn på kryss og tvers av USA og tok strøjobbar, som sjauar, og som styrmann av lasteprammar i New York hamn. Her fann han ekte menneskelagnader. Den rastlause Bye såg sjølv at det var kort veg ned til dei lågaste i samfunnet. Han fullførte den akademiske graden, men det tok seks år, ikkje to som planlagt. Han var redd han ikkje ville lukkast, og han skreiv heim at han ikkje blir noko anna enn «ein lasaron».

«Idébanken»

«For meg er Amerika først og fremst enkeltmenneskene – de strevsomme folkene jeg har lært å kjenne i arbeide – rundhåndede og åpne mennesker», er eit sitat av Erik Bye i biografien.

– Denne røynsla tok nordmannen med seg heim. Bye fortalde sagaen om det norske folket.

Men dette engasjementet kunne òg gå for langt. I «Idébanken» hadde Bye teke store ord i munnen og lova folk suksess med ideane sine. Han måtte opp til Kolvereid i Nord-Trøndelag å fortelja at eit prosjekt med å serieprodusere ein robåttype likevel ikkje var mogeleg.

Kringkastingsrådet meinte dessutan «Idébanken» blanda objektiv journalistikk med engasjement for Distrikts-Noreg. Attpåtil var kona til Bye aktiv Sp-politikar.

– Skilje mellom journalistikk og kommentarar brydde Bye seg ikkje om. Han var dessutan for populær til at dei kunne fjerne han. Det er ikkje tilfeldig at Bye reagerte då Petter Nome i 2003 vart fjerna som programleiar for «Sommeråpent», fordi han hadde uttala seg negativt om USAs utanrikspolitikk. Bye meinte Nome burde vore hylla, ikkje fått yrkesforbod.

«Et forferdelig apparat»

Vi vender attende til utgangspunktet for intervjuet, det doble synet på TV.

«Egentlig er det et forferdelig apparat som er egnet til å skade mennesker og ødelegge deres opplevelsesevne. (...) Ennå har vi jo kontrollen, men tenk om noen år når sendingene går døgnet rundt via satelitt (...) Hvordan skal vi her slåss for ikke å bli tiddrepere, spredere av likegyldighet og platthet, passiviserende», sa Erik Bye i eit intervju i Vårt Land som Bakke viser til.

I dag heiter programma ikkje «Trekampen», men «Stjernekamp». Samtidig har det skapt sinne at programpostar med lyrikk som «Diktafon» er fjerna frå NRK P2. Korleis ville Bye har reagert på dominansen av slike program på TV i dag?

– Bye ville nok ha spydd. Mange av dagens program handlar om å fylle utanlandske konsept med eit norsk innhald. Bye laga sine eigne konsept og tanken om NRK som organ for opplysning og samling av folket, låg til grunn for programma hans, fortel Bakke.

– Men handlar det ikkje òg om at Erik Bye var på rett plass til rett tid? Til dømes opplevde visesongen eit høgdepunkt i 70-åra, nett då Bye sjølv var både utøvar og formidlar av visesong.

– Nei, for Bye var pioneren bak den norske visesongen. I 50- og 60-åra var det full semje i Noreg om at viser skulle syngjast på engelsk eller svensk. Bye fornya sjangeren ved å kople kjende diktarar som Hans Børli med kjende komponistar og på den måten lage kvalitetsviser på norsk. Seinare sleppte han til då ukjende songarar som Åse Kleveland, Alf Cranner og Kari Bremnes. For Bye var NRK synonymt med nasjonsbygging.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Erik Bye sprengde ideen for kva som var underhaldning.

Asbjørn Bakke, forfattar og journalist

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis