Den nye direktøren– Eg arbeider for å gjera det enklare og kjekkare å vera nynorskbrukar, seier, Per Magnus Finnanger Sandsmark ved Nynorsk kultursentrum.

– Eg arbeider for å gjera det enklare og kjekkare å vera nynorskbrukar, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark ved Nynorsk kultursentrum.

Den nye direktøren for Nynorsk kultursentrum, byguten Per Magnus Finnanger Sandsmark, seier gjerne «kjærleik» og «røyndom».
Den nye direktøren for Nynorsk kultursentrum, byguten Per Magnus Finnanger Sandsmark, seier gjerne «kjærleik» og «røyndom».
Publisert

Ottar Grepstad går av som direktør for Nynorsk kultursentrum i haust. Det har vore knytt spenning til kven som vil ta over etter han. Styret gjekk ikkje ut med søkjarlista, men fem var på intervju. No er namnet på den nye direktøren offentleggjort. Valet fall på Per Magnus Finnanger Sandsmark, berre 28 år gamal.

For dei som kjenner Nynorsk kultursentrum, er Sandsmark ikkje ein ukjend kar, for han har arbeidd i ulike stillingar i stiftinga i mange år. Men for mange er det nok denne haldensaren ei overrasking.

– Er dette eit østfoldsk komplott? Magne Aasbrenn frå Fredrikstad er leiar av Mållaget, og så kjem haldensaren Per Magnus og tek over Nynorsk kultursentrum?

– Det er ganske tilfeldig, samstundes var det kjekt å finne nynorskmiljøet Aasbrenn var primus motor for i Østfold. Vi har dessutan litt ulik innfallsvinkel til det nynorske. Aasbrenn har lagt inn eit stort arbeid for å auke vørdnaden for østfoldmålet. Gjerninga mi har eit noko anna nedslagsfelt. Eg arbeider for å gjera det enklare og kjekkare å vera nynorskbrukar gjennom politisk påverknadsarbeid, nettstadene, musea og festivalane til den nasjonale kulturinstitusjonen Nynorsk kultursentrum. Leiarvervet blir eit framhald av det eg har gjort tidlegare i dei ulike avdelingane i stiftinga, for augneblinken er eg redaktør for Allkunne.

– Når eg søkjer på «nynorsk» og «Halden», får eg opp bøyingsformer av å halde. Halden har vel ikkje mykje nynorsksoge å vise til?

– Der tek du feil, det er nokre hundre menneske i Halden som leverer skattemeldinga på nynorsk, og så finst det eit lite nynorskmiljø ved høgskulen i byen. Ein skal heller ikkje gløyme at folk frå noverande Halden kommune var med og skipa Noregs Mållag. Og så skreiv nynorskforkjempar Steinar Schjøtt to av dei viktigaste verka sine medan han var lærar i byen, Norigs soga og omsetjinga av Heimskringla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement