Den magiske åtinga

Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Stølsvegen, som er undersolt og der snøen smeltar seint, vart åta 5. mai. 25. mai er det tydeleg skilnad. Åtinga har påskunda smeltinga med minst éin meter. 25. mai åta vi òg litt lenger nede i vegen.
Publisert

Snøen ligg enno tjukk på Dag og Tid-stølen, knappe 800 meter over havet. Den planlagde buføringa 24. juni står i fare. Snøen skal ikkje berre smelta, men beitet må gro minst éi veke etter at snøen er borte, slik at Symra og dei andre kyrne får nok mat. Geitene klarer seg betre og kan eta nyutsprunge lauv.

Men vi er ikkje heilt hjelpelause. Vi har åta stølsvegen nokre stader der sola slepper dårleg til, slik at vi kjem oss til støls med den vesle mjølketanken når det er nok beite på stølstreet.

Åting, eller å mylda, er nærast som å trylla og vart brukt mykje på fjellgardar der det var snøtungt. Ein nytta mold eller oske som ein spreidde på snøen som låg på den dyrka marka. Det gjorde at snøsmeltinga kunne ta kortare tid om det var mildt og nok sol: Ein kunne framskunda smeltinga med 14 dagar.

Grunnen til at åting fungerer så godt, er enkel: Svart absorberer varme som gjer at energien frå sola vert verande i den mørke åtejorda, som deretter smeltar snøen rundt seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement