Den levande folketonen

Fiolinist, komponist og artist Susanne Lundeng skriv seg ut på nye vegar. Men ho held godt på den nordnorske arven på plata Det va nære på.

Susanne Lundeng fekk Spellemannprisen i 2016, og avisa Nordlys kallar henne ein levande folketone.
Susanne Lundeng fekk Spellemannprisen i 2016, og avisa Nordlys kallar henne ein levande folketone.
Publisert

Som seksåring tok Susanne Lundeng til med nordnorsk folkedans i Bodø. Her voks ho opp med ein far som var sjømann og ei mor som var hjelpepleiar og politikar. Tre år seinare kom fiolinen inn i biletet – ei naturleg forlenging av folkemusikkinteressa som berre voks og voks. Som tolvåring oppsøkte og vitja Lundeng dei siste av dei gamle nordnorske spelemennene. Ho fekk kjenne på livet og kulturen rundt musikken. Gjerne reiste ho langt, til den andre sida av Vestfjorden, og på stemne til Nordkalotten i lag med både svenskar og finnar. Av spelemennene fekk ho gamle nordnorske slåttar på opptak, som ho tok med seg attende til grundig gjennomlytting på jenterommet. Ho lærte den nordlandske spelemåten felestrøk for felestrøk. Av formell musikkutdanning har ho berre eit år på Toneheim Folkehøgskole på Hamar. No er ho rekna som ein av dei fremste tradisjonsberarane i nordnorsk folkemusikk. Med plata Det va nære på, som kjem 2. mars i år, debuterer ho som songtekstforfattar.

Rett stemning

– Du har laga og drive med musikk i over 30 år, kvifor har du ikkje skrive songtekster før no?

– Det er eigentleg løgn, eg har laga bånsull med tekst éin gong. Men eg har ikkje tort. Eg har tenkt at «tekst, det kan du ikkje». Men det har vore viktig for meg at dei eigenkomponerte låtane mine tidlegare har fått titlar som set lyttarane i rett stemning. Titlane har eg nærast arbeidd fysisk med, og eg vil gje lyttaren eit visuelt, men ikkje altfor konkret bilete. Songtekstene er ei forlenging av denne tenkinga. Det var rett no, å kunne seie noko ut frå meg sjølv. Og tekstene har trengt seg på; eg var ute og gjekk i Bodø og måtte plutseleg springe inn på næraste butikk etter notisblokk. Så vart eg ståande mot eit hagegjerde og skrive. Eg tykkjer eg er modig. Det er ikkje stor lyrikk, men han passar til den eg er.

Glimt i det såre

– Det er kjensler i låtane dine. «Glimt av glede» har noko sårt og rått i seg, i tillegg til det vesle håpet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement