Den lange spansk-danske krigen
Danmark var i krig med den spanske byen Huéscar i 172 år.
Dei spanske soldatane introduserte framande skikkar, som cigarillorøyking, for danskane.
Illustrasjon: Koldinghus
Den spanske dokumentarfilmskaparen Jorge Rivera arbeider no med ein film om ein av dei lengste krigane i historia, skriv Weekendavisen, og avisa fortel i same slengen den bisarre soga om krigen mellom Huéscar og Danmark.
I utgangspunktet kom 13.000 spanske soldatar til Danmark i 1808 for å forsvare landet mot britane og kjempe mot svenskane. Både Spania og Danmark var på det tidspunktet allierte med Napoleon. Men seinare same år starta det spanske folkeopprøret mot franskmennene. Dei spanske soldatane i Danmark gjorde mytteri mot dei franske offiserane sine, og mange deserterte og rømte med britiske marineskip. Den spanske opprørsregjeringa braut i 1809 det diplomatiske sambandet med danskane. Og i byen Huéscar i Granada, der opprørsviljen var særleg sterk, vedtok byrådet like godt å erklære krig mot Danmark.
Etter nederlaget til Napoleon vart alt dette gløymt, inntil historikaren Vicente González Barbéran fann krigserklæringa i eit arkiv i Huéscar i 1981. «Borgarmeister, vi er i krig med Danmark», skal han ha ropa på rådhuset.
Byrådet vedtok samrøystes å slutte fred med Danmark, og den danske ambassadøren kom til Huéscar og signerte fredsavtalen med byen.
Medan denne krigen aldri fekk konsekvensar, sette dei spanske soldatane spor etter seg i Danmark. Ikkje berre røykte dei cigarillos eller sigarettar, som til da var nesten ukjende i landet. Truleg var òg spanske soldatar ved eit uhell skuld i at slottet Koldinghus brann ned i 1808.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.