Den heilnorske GyntDå Ibsen gav ut Gynt– Eg synest sjølv, om eg skal vera ærleg, at GyntLITTERATUR

Då Ibsen gav ut Peer Gynt i 1876, krydra han teksten med ord frå folkespråket. No er heile verket overført til folkespråket. – Eg synest sjølv, om eg skal vera ærleg, at Peer Gynt kom godt til sin rett på nynorsk, seier omsetjar Jon Fosse.

Frå den nye framsyninga av Peer Gynt på Det Norske Teatret. Ho er basert på Jon Fosses attdikting, som no òg finst i bokhandelen.
Frå den nye framsyninga av Peer Gynt på Det Norske Teatret. Ho er basert på Jon Fosses attdikting, som no òg finst i bokhandelen.
Publisert

Peer Gynt er utan tvil det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene. Verket har dermed fått ein heilag patina over seg. Vi kunne nesten tru at då Henrik Ibsen skreiv verket, var det i ei språkform lesarane straks oppfatta som genial, liksom språket i heilage skrifter, som teologar har definert som uforanderleg.

Men så heilag var nok ikkje utgjevinga. Då Ibsen reinskreiv manuset, bytte han ut ei rad danske ord og uttrykk med tilsvarande norske. I Ibsen-utgåva frå 1876 støyter vi på ord som «dagstøtt», «blygsel», «kaut» og «stuthoser». Det vekte reaksjonar.

No er denne fornorskinga – om vi får vera litt frekke i språkbruken – fullført: Heile verket ligg for fyrste gong føre på norsk. Jon Fosse har attdikta verket til nynorsk på oppdrag frå Det Norske Teatret i samband med framsyninga til den verdskjende regissøren Robert Wilson i 2005. No kjem attdiktinga ut i bokform – i ei omarbeidd utgåve. Samtidig går ei ny framsyning på Det Norske Teatret regissert av Erik Ulfsby og med Toralv Maurstad som hovudrolleinnehavar.

Dag og Tid spør Jon Fosse om Peer Gynt høver best på nynorsk:

– Eg synest sjølv, om eg skal vera ærleg, at Peer Gynt kom godt til sin rett på nynorsk.

Men Fosse understrekar at det då gjeld Wilson-framsyninga, for han har ikkje hatt høve til å sjå den nye framsyninga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement