Den heilnorske Peer Gynt
Då Ibsen gav ut Peer Gynt i 1876, krydra han teksten med ord frå folkespråket. No er heile verket overført til folkespråket.
– Eg synest sjølv, om eg skal vera ærleg, at Peer Gynt kom godt til sin rett på nynorsk, seier omsetjar Jon Fosse.
Frå den nye framsyninga av Peer Gynt på Det Norske Teatret. Ho er basert på Jon Fosses attdikting, som no òg finst i bokhandelen.
Foto: Stig Håvard Dirdal
LITTERATUR
ronny@dagogtid.no
Peer Gynt er utan tvil det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene. Verket har dermed fått ein heilag patina over seg. Vi kunne nesten tru at då Henrik Ibsen skreiv verket, var det i ei språkform lesarane straks oppfatta som genial, liksom språket i heilage skrifter, som teologar har definert som uforanderleg.
Men så heilag var nok ikkje utgjevinga. Då Ibsen reinskreiv manuset, bytte han ut ei rad danske ord og uttrykk med tilsvarande norske. I Ibsen-utgåva frå 1876 støyter vi på ord som «dagstøtt», «blygsel», «kaut» og «stuthoser». Det vekte reaksjonar.
No er denne fornorskinga – om vi får vera litt frekke i språkbruken – fullført: Heile verket ligg for fyrste gong føre på norsk. Jon Fosse har attdikta verket til nynorsk på oppdrag frå Det Norske Teatret i samband med framsyninga til den verdskjende regissøren Robert Wilson i 2005. No kjem attdiktinga ut i bokform – i ei omarbeidd utgåve. Samtidig går ei ny framsyning på Det Norske Teatret regissert av Erik Ulfsby og med Toralv Maurstad som hovudrolleinnehavar.
Dag og Tid spør Jon Fosse om Peer Gynt høver best på nynorsk:
– Eg synest sjølv, om eg skal vera ærleg, at Peer Gynt kom godt til sin rett på nynorsk.
Men Fosse understrekar at det då gjeld Wilson-framsyninga, for han har ikkje hatt høve til å sjå den nye framsyninga.
– For alt eg veit, kan det vera at omsetjinga mi ikkje verkar like godt denne gongen. Det kan i så fall ha med ymist å gjera. Men det gjorde i alle fall godt å høyra at Toralv Maurstad opplevde Peer Gynt som ny og frisk då han las Peer Gynt i omsetjinga mi.
Nynorsk i brunt og lilla
Men stopp en hal! Kvifor omsetja klassiske verk når vi alt forstår Ibsen godt i originalen?
– Du kan så seia. Sjølv meiner eg at ein heller ikkje treng å attdikta, eller omsetja, frå svensk og dansk. Eg les både svensk og dansk heile tida, seier Jon Fosse og held fram:
– Men som du godt veit, spelar Det Norske Teatret av gode grunnar berre på nynorsk og dialekt. Så skal Ibsen spelast der, ja, så må det bli på nynorsk.
Å overføre frå ei målform til ei anna er ikkje nytt i norsk litteratur – faktisk har Fosse sjølv vore ute for det, hin vegen. I 2001 vart eit av Fosses mest kjende verk, Nokon kjem til å kome, omsett til bokmål og sett opp på Nationaltheatret: Noen kommer til å komme.
– Det vart bra, det, stykket fungerte svært godt på riksmål, om det enn verka noko annleis. Eg hugsar at eg sa det var brunt og lilla på nynorsk, medan det på riksmål vart gult og kvitt.
– Men hadde du ingen motførestillingar då du fekk oppdraget i 2005?
– Heilt klart. Eg takka fyrst nei då eg vart spurd. Men det verka ikkje som så mange andre heller hadde lyst på jobben, så etter nokre oppmodingar takka eg ja til å skrive ein «versjon». Og Robert Wilson sa det var greitt at han skulle setja opp ein Peer Gynt-versjon, kva no det måtte tyde, av meg. Eg prøvde då å skrive denne versjonen min, men det synte seg å vera uråd, for Peer stritta imot og ville slett ikkje bli nokon versjon. Men prøvene skulle ta til om hausten, og ein tekst måtte liggje føre, dermed gjekk eg i gang med å prøve å skrive ei nynorsk attdikting.
Henrik Rytter
Om Fosses Peer Gynt er den fyrste versjonen der heile verket kjem på nynorsk, er det ikkje fyrste gong dramaet kjem i nynorsk målbunad. Teatersjef for Det Norske Teatret i 1948, Hans Jacob Nilsen, hadde sett seg lei på at Peer Gynt vart spela som eit nasjonalromantisk helteepos, der ein gjerne skar bort dei to siste aktene.
Han meinte òg at Griegs musikk ikkje høvde med det i grunnen antiromantiske innhaldet. Nilsen søkte å reindyrke det råe og norske som låg i originalen, og bad difor Harald Sæverud komponere ny musikk til stykket.
Og han engasjerte Henrik Rytter til å attdikte det til nynorsk. Det skapte negative reaksjonar – Nilsen vart skulda for «vanhelligelse». Men Nilsen forsvara målvalet ved å vise til den nemnde norske spiren i Ibsens friske ordtilfang. Rytter var samd, han skreiv: «folket måtte høyre og kjenne att Ibsens røyst».
Men Rytter omsette ikkje heile verket til framsyninga på teateret, og då omsetjinga kom ut i bokform i 1978, var det ikkje ei fullstendig utgåve. Fosses attdikting er som sagt den fyrste heile omsetjinga til nynorsk.
Jon Fosse skriv i etterordet at han har lært av Henrik Rytter under arbeidet: «Eg er Rytter stor takk skuldig.»
– Rytter har mange nesten geniale løysingar. Han skriv ganske mykje om, for å få rimet på plass, men når ein les det, verkar det ikkje som han har endra så mykje. Heile omsetjinga hans burde vore utgjeven. Det er eit meisterverk, men det er nok diverre slik at ein i ei framsyning no for tida ikkje kan nytte Rytters versjon, det same gjeld Shakespeare-omsetjingane hans.
Attdiktingskunst
Ei etterrøking viser at Fosse har lært av Rytter: I den kjende talen til presten ved grava i femte akt heiter det: «Svak borgar var han. Og for stat og kyrkje/ eit gagnlaust tre. Men der på gard og støl,/ i slektas snevring, hadde han sitt yrke,/ der var han stor, fordi han var seg sjølv.» Her fylgjer Fosse Rytters rimskjema.
Men Fosse går òg sine eigne vegar. Ein annan stad heiter det: «(...) i kyrkja slepte han seg fram som om han ville be/ om lov til, andre lik, å setje seg ned». Her er rimorda «bede» – «sæde» hjå Ibsen, medan Rytter skriv «be» – «med». Fosse forklårar:
– Kortforma av verb må ofte nyttast. Dei vert sjølvsagt òg nytta når ein prøver å modernisere Ibsens språk når han skal spelast på bokmål. For det seier seg sjølv at ein må gjera, og gjer, mangt med Ibsens språk også i nyare bokmålsframsyningar. Men då blir det liksom til flikking. På ein måte er det kanskje trass alt enklare å skrive alt om til nynorsk, faktisk.
– Har du gjort store endringar i den omarbeidde utgåva?
– Mi eiga omsetjing til Wilson-framsyninga fann eg ikkje att som fil, derimot fekk eg ein noko redigert versjon tilsend frå Det Norske Teatret, og i den versjonen var til dømes «no» endra til «nå» og «då» til «da», fortel diktaren og held fram:
– Eg har aldri publisert noko der eg ikkje nyttar «no» og «då». Dette måtte førast attende til det eg ein gong skreiv. Og då eg byrja gå igjennom omsetjinga, såg eg fleire stader der eg, eller den som hadde redigert teksten på Det Norske Teatret, ikkje hadde halde omsetjinga innanfor sjølv ei brei tolking av nynorsknormalen. Då eg gjekk igjennom det som skulle kome ut som bok, prøvde eg å halde meg til det eg kan gå god for som brukande nynorsk, og så fekk det heller avvike meir frå Ibsens språk og velkjende talemåtar, seier Jon Fosse.
Konservativ nynorsk
Han minner om at han i tillegg har gått over til ein meir tradisjonell nynorsk, mellom anna med a-infinitiv. A-infinitiv finn vi likevel ikkje att i utgjevinga:
– Det var fleire verb som passa som rim dersom eg nytta e-infinitiv. Det same gjeld forma «blei» i staden for «vart», og ulike andre val av ord og former. Det er dels på grunn av rimtvangen at form- og ordval i omsetjinga vart som ho vart. Men då eg i si tid omsette stykket, nytta eg sjølv e-infinitiv og til dømes blei-forma.
– Somtid er det kanskje vanskeleg å finne ei løysing, som her: «Gjendin-eggen, nokon gong?/ Den er halve mila lang.» Ibsen skriv: «Gjendin-Eggen nogen Gang?/ Den er halve Milen lang.» Halvrim kan vel nyttast innimellom?
– Ja. Du kan nok finne mange døme på at eg ikkje har funne liknande rim som dei Ibsen har. Det er uråd, sjølvsagt. Fråstanden er stor mellom Ibsens språk og ein meir eller mindre moderne nynorsk. Og sjølvsagt kan ein seia at originalen alltid er best, det skulle eigentleg berre mangle. Men det skulle berre mangle at ikkje Det Norske Teatret òg kunne spela Ibsen – på nynorsk.
(På baksida finn du ein smakebit
av Fosses attdikting.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det skulle berre
mangle at ikkje Det Norske Teatret òg kunne spela Ibsen –
på nynorsk.
Jon Fosse,
diktar og omsetjar
Fleire artiklar
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.