Den grove røysta til folket

– Om vi ikkje hadde moderert kommentarfelta, kunne vi gått med overskot, meiner Lars Akerhaug i Resett.

Nettstaden Resett er ein stad for «usensurerte nyheter», i følgje seg sjølv.
Nettstaden Resett er ein stad for «usensurerte nyheter», i følgje seg sjølv.
Publisert

Nettstaden Resett har ikkje hatt mange eigne nyhendesaker med stort gjennomslag sidan starten hausten 2017, men har til gjengjeld fått mykje mediemerksemd sjølv. Dei siste vekene har ei rekkje annonsørar svartelista nettstaden, og statssekretær Sveinung Rotevatn frå Venstre er blant dei som har oppmoda selskap til å trekkje annonsane sine frå Resett. Han har kalla verksemda til nettstaden for «samfunnsnedbrytande» og meiner Resett er ein politisk kampanje forkledd som avis. I tillegg har Google blokkert for annonsar på Resett, fordi nettstaden har brote retningslinene deira ved å oppmode lesarar til å klikke på annonsar.

Sjølv om Resett er i erklært opposisjon til dei såkalla «mainstream media», ser det ut til at redaksjonen ønskjer å bli rekna som eit medium på line med andre. Resett hevdar at dei følgjer Ver varsam-plakaten, og redaksjonen har ytra ønske om å kunne klagast inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU). Resett vart felt i ei PFU-sak i fjor vår, men reglane er endra: No krev PFU-behandling medlemskap i ein av presseorganisasjonane, og Resett-redaktør Helge Lurås fekk avslag på søknaden om medlemskap i Norsk Redaktørforening i fjor haust.

Vil lære av PFU

Men kvifor ønskjer Resett å kome inn under PFU-ordninga, når folka bak slett ikkje vil vere ein del av det gode selskap i Medie-Noreg? Dag og Tid spør redaksjonssjef Lars Akerhaug.

– PFU er det einaste høvet for privatpersonar til å klage på eit medieoppslag utan å gå gjennom rettsvesenet. Mange hevdar at vi stadig bryt med tilsvarsretten, og kritikarane bør sjå verdien av å få prøvd dette for PFU, seier Akerhaug.

Ulikt resten av Resett-redaksjonen har han lang journalistisk erfaring, frå mellom anna VG, Aftenposten, Minerva og Dagen. «Jeg skal jobbe med å heve den journalistiske kvaliteten, og sikre at vi jobber etter pressens etiske retningslinjer», sa Lars Akerhaug til Aftenposten da han tok til i Resett i desember i fjor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement