JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den grovaste røysta til folket

– Om vi ikkje hadde moderert kommentarfelta, kunne vi gått med overskot, meiner Lars Akerhaug i Resett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nettstaden Resett er ein stad for «usensurerte nyheter», i følgje seg sjølv.

Foto: Per Anders Todal

7209
20190503

Resett

Høgreorientert nettstad starta i 2017

Vart starta med økonomisk støtte frå investorar som Øystein Stray Spetalen og Jan Haudemann-Andersen

Skal vere ein «politisk uavhengig mediekanal» og «et alternativ til de etablerte mediene»

Har fått kritikk for mellom anna personhets og rasistiske ytringar

Helge Lurås er ansvarleg redaktør for Resett

Media

peranders@dagogtid.no

Nettstaden Resett har ikkje hatt mange eigne nyhendesaker med stort gjennomslag sidan starten hausten 2017, men har til gjengjeld fått mykje mediemerksemd sjølv. Dei siste vekene har ei rekkje annonsørar svartelista nettstaden, og statssekretær Sveinung Rotevatn frå Venstre er blant dei som har oppmoda selskap til å trekkje annonsane sine frå Resett. Han har kalla verksemda til nettstaden for «samfunnsnedbrytande» og meiner Resett er ein politisk kampanje forkledd som avis. I tillegg har Google blokkert for annonsar på Resett, fordi nettstaden har brote retningslinene deira ved å oppmode lesarar til å klikke på annonsar.

Sjølv om Resett er i erklært opposisjon til dei såkalla «mainstream media», ser det ut til at redaksjonen ønskjer å bli rekna som eit medium på line med andre. Resett hevdar at dei følgjer Ver varsam-plakaten, og redaksjonen har ytra ønske om å kunne klagast inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU). Resett vart felt i ei PFU-sak i fjor vår, men reglane er endra: No krev PFU-behandling medlemskap i ein av presseorganisasjonane, og Resett-redaktør Helge Lurås fekk avslag på søknaden om medlemskap i Norsk Redaktørforening i fjor haust.

Vil lære av PFU

Men kvifor ønskjer Resett å kome inn under PFU-ordninga, når folka bak slett ikkje vil vere ein del av det gode selskap i Medie-Noreg? Dag og Tid spør redaksjonssjef Lars Akerhaug.

– PFU er det einaste høvet for privatpersonar til å klage på eit medieoppslag utan å gå gjennom rettsvesenet. Mange hevdar at vi stadig bryt med tilsvarsretten, og kritikarane bør sjå verdien av å få prøvd dette for PFU, seier Akerhaug.

Ulikt resten av Resett-redaksjonen har han lang journalistisk erfaring, frå mellom anna VG, Aftenposten, Minerva og Dagen. «Jeg skal jobbe med å heve den journalistiske kvaliteten, og sikre at vi jobber etter pressens etiske retningslinjer», sa Lars Akerhaug til Aftenposten da han tok til i Resett i desember i fjor.

– Sist veke sa du til Journalisten: «Gi folk muligheten til å klage på oss, så lærer vi.» Men ein erfaren pressemann som du treng vel ikkje stadige PFU-saker for å vite kva som er etisk forsvarleg?

– Nei da, men eg trur dei aller fleste lærer noko av ein prosess i PFU, anten dei blir felte eller ikkje. Og det er ein god ting å vere medviten om at ei sak kan bli klaga inn dit. PFU kan ha ein oppdragande funksjon.

– Ei av grunngjevingane for avslaget frå Norsk Redaktørforening i fjor var «gjentatte og klare brudd på Vær varsom-plakatens intensjoner». Men Resett hevdar sjølv at de følgjer Ver varsam-plakaten?

– Det gjer vi, etter vårt beste skjønn. I den tidlege fasen vart nok ikkje alltid reglane følgde like godt. Men no har rutinane generelt kome på plass.

Tilsvarsretten

Resett har fått kritikk for å køyre mange negative saker mot einskildpersonar utan å gje dei høve til tilsvar. Sveinung Rotevatn fekk til dømes ein straum av artiklar mot seg på Resett etter at han støtta oppmodinga til annonsørar om å unngå nettstaden, og det tok tid før han sjølv vart kontakta for ein kommentar.

– Har de blitt betre på tilsvar?

– Ja, det har vi. Eg ser at Rotevatn kunne blitt kontakta for tilsvar tidlegare, men rutinane for samtidig imøtegåing er på plass no. Men mange av skribentane våre er uerfarne. Og den store majoriteten av dei 35 sakene om Rotevatn er kommentartiklar, skrivne av folk som ikkje er faste bidragsytarar.

– Stemmer det at de har hatt 35 saker om Rotevatn dei siste dagane?

– Det stemmer nok i og for seg, om du tel med alle saker der han er nemnd.

– Er det nokon av sakene som gjev støtte til synspunkta til Rotevatn?

– Nei, etter det eg kjenner til, er det ikkje nokon saker som støttar synet hans.

– Du har tidlegare teke sjølvkritikk for den store mengda med negative saker Resett har laga om einskildpersonar som Sumaya Jirde Ali. Har Resett endra seg på dette punktet?

– Eg har teke sjølvkritikk når det gjeld dekninga av Sumaya Jirde Ali, men ikkje for dekninga av andre.

– Resett har som erklært mål å utvide ytringsfridomen i Noreg. Men den massive omtalen av einskildpersonar og den aggressive tonen i kommentarfelta kan skremme folk vekk frå den offentlege samtalen, og slik avgrense ytringsfridomen?

– Det er ein grunn til at vi har beklaga dekninga av Sumaya Jirde Ali. Kvar for seg meiner eg at alle artiklane om ho kan forsvarast. Men Resett-dekninga av ho var for massiv og uproporsjonal.

Klasseforakt

– Kritikken av Resett har ikkje berre handla om dei redaksjonelle artiklane dykkar, men òg om sjikanøse karakteristikkar i kommentarfelta?

– Når det har skjedd, er det berre å beklage. Hets og sjikane skal ikkje føorekome. Men vi får inn mellom 2000 og 4000 kommentarar kvar arbeidsdag, og da skjer det menneskelege feil. Det vil nok skje i framtida òg. Det er noko av prisen for å ha opne kommentarfelt. Men opplevinga mi er at kommentarfelta våre ikkje er så ulike VG og Dagbladet sine for 10 år sidan, seier Akerhaug.

– Når det gjeld hets og sjikane, gjer vi det vi kan for å rydde opp. Men vi ønskjer òg å vere ein kanal for menneske som ikkje har akademisk bakgrunn. Eg meiner at ein del av forakta som meiningseliten har for kommentarfelta, er klasseforakt. Eg skal ikkje hevde at kommentarfelta våre er representative for folkedjupet, det trur eg ikkje. Men det er ein god ting at også folk som ikkje kjem til orde i dei vanlege avisene, har ein stad der dei får kome til uttrykk.

– Men er det mangel på danning i kommentarfelta som gjer at folk reagerer? Er det ikkje heller kommentarar som dei som kom etter terroråtaket i Christchurch, til dømes denne: «disse folkene er ikke terrorister, men MOTSTANDSFOLK»?

– Folk reagerer på både likt og ulikt. Men når det gjeld kommentarar som dei som kom etter Christchurch-terroren, er det eit dilemma. Det er svært ubehagelege ytringar å lese, og eg tek avstand frå dei. Men eg har vanskeleg for å sjå at dei er straffbare ytringar. Av omsyn til omdømet vårt kunne vi ha late vere å publisere dei. Men det finst menneske der ute med desse haldningane. Og det er ikkje sikkert at det beste er å stenge dei ute frå ordskiftet.

– Fleire nettaviser har fjerna kommentarfelta dei siste par åra. Andre modererer langt strengare enn før, og krev at folk skriv under fullt namn. Opnar dette ein nisje for nettstader som Resett, som framleis slepper til grove, anonyme kommentarar?

– Det er ein av tinga som har opna eit rom for dei alternative media. Eg trur ikkje Resett kunne etablert seg for fem eller ti år sidan. Men vi brukar faktisk store ressursar på å moderere kommentarfelta. Hadde vi ikkje gjort det, kunne vi ha gått med overskot, seier Lars Akerhaug.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ein del av forakta som meiningseliten har for kommentarfelta, er klasseforakt.

Lars Akerhaug, Resett

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis