Den gløymde kystforteljarenDet er hundre år sidan Leif B. Lillegaard vart fødd. Han skreiv hundre bøker, og journalistar gjekk i skule hjå han. Men Lillegaard synest å vera gløymd.

Det er hundre år sidan Leif B. Lillegaard vart fødd. Han skreiv hundre bøker, og journalistar gjekk i skule hjå han. Men Lillegaard synest å vera gløymd. – Det er trist, seier Thorvald Stoltenberg.

Leif B. Lillegaard var forfattar og journalist. Her fotografert i sitt rette element, ved ein båt ved kysten. Biletet er frå 1979.
Leif B. Lillegaard var forfattar og journalist. Her fotografert i sitt rette element, ved ein båt ved kysten. Biletet er frå 1979.Leif B. Lillegaard var forfattar og journalist. Her fotografert i sitt rette element, ved ein båt ved kysten. Biletet er frå 1979.
Publisert

I mai ville forfattaren, journalisten og NRK-reporteren Leif B. Lillegaard fylt 100 år. Han vart fødd 1. mai 1918. Men kven hugsar Leif B. Lillegaard i dag? Tek du ein titt på omtaler av han, skulle du tru det var ei hending det var verdt å markere, særleg i tida vår med forfattarjubileum.

Leif B. Lillegaard var like produktiv som eit NTB-kontor. Han skreiv om lag hundre bøker. Han var òg ei kjend røyst på NRK radio og fjernsyn. Fyrst på kortbylgjesendinga, der sjøfolk i utanriksfart og andre nordmenn i utlandet kunne høyre røysta hans. Seinare på riksradio og TV. Der vart han ein slags Erik Bye: Han snakka med alle som kom i vegen hans. Og til liks med Erik Bye var det særleg kystfolk og sjømannsliv Leif B. Lillegaard interesserte seg for.

Lillegaard kom sjølv frå kysten, frå Sandnessjøen på Helgeland. Far hans, som var skipstømmermann, døydde ung, og mor hans streva i dei harde trettiåra med å halde familien samla, ved å «vaske og stryke klær for stedets bedrestilte», som Arne Bonde skriv i omtala av Lillegaard i Norsk biografisk leksikon.

«Jeg håper noen får så dårlig samvittighet at en minnemarkering blir iverksatt – bedre sent enn aldri. Glemmer aldri hans radiostemme og hans betraktninger. Udødelig!» Dette står å lesa på ein tråd på Facebook for snart ein månad sidan. Tråden høyrer til forfattar og lokalhistorikar Kåre Hansen: Han meiner Lillegaard er liketil gløymd av sine eigne, helgelendingane, og etterlyser tiltak. Hittil har ingenting skjedd.

– Ein stor formidlar

– Eg oppfatta han fyrst og fremst som ein formidabel formidlar av historisk kunnskap, og særleg lokalhistorisk kunnskap. Kva han har hatt å seia for journalistikken og litteraturen, kan neppe overvurderast. Det står nok ein liten hyllemeter Lillegaard i nær sagt kvar einaste heim på Helgeland, og då ikkje berre møblerte heimar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement