Den gløymde fornyarenDet Norske Samlaget rundar 150 år laurdag 24. mars. På dei åra har truleg over 2000 skrive eller omsett bøker for forlaget. Ei av dei fornya den nynorske barnesongen og blei gløymd.
Det Norske Samlaget rundar 150 år laurdag 24. mars. På dei åra har truleg over 2000 skrive eller omsett bøker for forlaget. Ei av dei fornya den nynorske barnesongen og blei gløymd.
Omslaget til boka med elleve barneviser på nynorsk.
I sine første 150 år publiserte Samlaget skjønnlitterære bøker av 251 debutantar. Kvar sjette debutant på nynorsk eller dialekt har kome ut på det forlaget. Elias Blix var den første med nokre salmar i 1869. Først i 1955 debuterte ei kvinne skjønnlitterært på Samlaget med elleve barneviser i Eventyrbyen. Sunnmøringen Marie Heggen gjorde meir enn som så.
Ho blei fødd Maria Olivia Heggen i Valldal 18. september 1903, kalla seg Marie Hoel fram til 1940-åra og døydde som Marie Heggen i Oslo 7. juni 1984. Ho voks opp som adoptivdotter hos ein onkel i Ålesund og tok etternamnet hans. Marie Hoel gjekk ut frå Volda lærarskule i 1925 og var seinare lærar i Spydeberg, Borgund (no Ålesund), Røyken og Oslo. Som lærar ved Åse skule i Borgund stifta ho Åse barnekor hausten 1927 og dirigerte dette til ho flytta austover i 1939. Ho ville nærmare Oslo, sa ho. Der kom ho også nærmare NRK.
Læraren Marie Hoel forsvann etter kvart inn i skulekvardagen på Ruseløkka. Forfattaren Marie Heggen gjekk inn i radiostudio på Marienlyst. Frå 1949 til 1968 sende NRK minst 147 barnetimar for dei minste med Marie Heggen eller stoff skrive av henne. Den første gjekk på lufta laurdag morgon 8. oktober 1949, den siste var ei reprisesending fredag 19. juli 1968. Etter 1956 skreiv ho berre for andre, særleg skodespelaren Marit Bolling. Barnetimetanta frå Sunnmøre viste dermed mindre att enn dei som skreiv og framførte eige stoff i mange år.
Marie Heggen stod fram der det var som trongast. I 1950-åra handla det meste om Alf Prøysen, Thorbjørn Egner og Anne-Cath. Vestly. Nettopp desse var Marie Heggen saman med i «Mens vi venter» på julaftan 1954. Programleiaren for dei fire store var Helge Sverre Nesheim.
Truleg skreiv Marie Heggen om lag 60 barneviser som alle blei framførte i Barnetimen for dei minste. Barnetimane gjorde henne til ei kjær radiorøyst, men Heggen kom aldri på innsida av dei publiserande nynorskmiljøa. Norsk Barneblad publiserte forteljinga «Gulsporven» våren 1953, det var alt. På Samlaget blei det med den eine barneboka.
Eventyrbyen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.