Kunst

Den fyrste til å måle norske landskap

Norske målarar i romantikken fann ikkje det norske landskapet berre i norsk natur, men òg i målarstykka til Allart van Everdingen (1621–1675). No er den fyrste utstillinga om denne pionerkunstnaren sett opp i Alkmaar i Nederland.

«Fjellandskap med elv og borg» er eit hovudmotiv i utstillinga. Det er innlånt frå Statens museum for kunst i København. Allart van Everdingen meinte at det vanta noko i norske landskap – borger! Difor tronar det ei borg på fjelltoppen.
«Fjellandskap med elv og borg» er eit hovudmotiv i utstillinga. Det er innlånt frå Statens museum for kunst i København. Allart van Everdingen meinte at det vanta noko i norske landskap – borger! Difor tronar det ei borg på fjelltoppen.
Publisert

I byrjinga av romantikken vart målaren Allart van Everdingen eit av dei store namna. I 1775 skriv ein autoritet i tysk kunst, Johann Georg Sulzer, dette om den gamle kunstnaren frå hollendartida: Saman med eit par andre kunstnarar har van Everdingen skapt «noko så stort at det vekkjer ovundring og skaking i oss som nærmar seg det sublime».

Goethe skjøna òg at van Everdingen var eit viktig namn. Ikkje berre samla Goethe kunst av hollendaren, han kopierte trykk av han og nemner han i diktet «Italienische Reise», der han skriv at han har sett eit landskap som liknar på motiv av van Everdingen.

Men viktig for oss er korleis J.C. Dahl oppdaga Allart van Everdingen. Det var ikkje berre direkte kontakt med norsk natur som inspirerte Dahl og dermed sette i gang norsk landskapsmåleri – den kanskje viktigaste sjangeren i norsk kunsthistorie – som òg spela ei stor rolle for norsk politisk og kulturell sjølvforståing. Dahl fann Noreg i kunstgalleri òg, og då særleg i verka til den to hundre år eldre van Everdingen. Dahl var ikkje snau i omtalen av hollendaren, han kalla han det viktigaste førebilete sitt og såg på han som beraren av Noregs karakter. For J.C. Dahl var Allart van Everdingen ein far for norsk landskapsmåleri.

Barske landskap

Det er med dette utgangspunktet eg ein aprildag fer opp til den nederlandske byen Alkmaar, om lag ein halvtimes togtur frå Amsterdam. Alkmaar er ein renessanseby som i dag fyrst og fremst er kjend for rådhuset og kyrkja si, midt i bysentrum, samansett av typiske hollandske kanalhus av teglstein. Og ikkje minst er Alkmaar ein av dei store ostebyane i Nederland, med både ostemarknad og ostemuseum.

Men dei seinaste månadene er det vill norsk natur som har stått i sentrum: I heile byen er det plakatar med norske motiv og informasjon om utstillinga på Stedelijk museum Alkmaar, bymuseet: Allart van Everdingen – Meester van het ruige landschap. Ruig tyder barsk – det er det same ordet som engelsk rough – og med det meiner nederlendarane sjølvsagt det norske landskapet, som står fram som svært eksotisk i høve til det ryddige, flate Nederland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement