Diktet
«Den forelska diktaren ser verda slik ho speglar hans indre»
Foto: Knobelauch / NTB
Kjeldene (1946) var den første diktsamlinga Tarjei Vesaas gav ut. Her finst fleire dikt som er blitt klassikarar, men kanskje aller mest kjend er «Ein kveld i Verona». Diktet er klassisk i fleire tydingar av ordet, med tradisjonelt rimmønster og kjærleikstematikk, og så fullenda.
Kjeldene er ei bok med uvanleg mange snødikt, «snø og granskog/ er heimsleg», står det på første side. Men i dette diktet blir alt kjent skrota til fordel for noko yrande nytt. Snøen, som sjølv har noko omveltande ved seg, blir smålåten og irrelevant samanlikna med forelskinga som får heile jernbanestasjonen til å boble. Den forelska diktaren ser verda slik ho speglar hans indre: perrongen yrer, skjenene skjelv, framtida rullar ustanseleg mot han. Han står og ventar på ho han skal feire jul med for første gong.
Jula er ei intens høgtid, den med sterkast tradisjonar og flest forventingar. Det kan vere ei einsam tid, eller ho kan vere prega av tilhøyrsle – ikkje nødvendigvis avhengig av kor mange folk ein har rundt seg. Diktet svever på ein slags forelska suverenitet, der alt slikt er sett til sides. Sjølv «Veronas lyse by», som det heiter i verdas mest kjende kjærleiksforteljing, er gløymd i det lange augeblikket som er ventinga. At toget kjem, er det einaste som tel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.