Den breiaste filmfestivalen

Film frå Sør er ikkje for spesielt interesserte, men ein brei internasjonal festival som utvidar horisonten.

Publisert Sist oppdatert

Den kvelden Lionel Messi og Christian Ronaldo avgjorde seg imellom at «El Clasico»-oppgjeret mellom Barcelona og Real Madrid enda uavgjort 2–2, såg eg den kinesiske filmen Wo 11, på engelsk 11 Flowers, signert den kinesiske filmskaparen Xiaoshuai Wang som særleg er kjend for å portrettere unge. Denne gongen i ei underleg soge i skuggen av kulturrevolusjonens siste år, då elleveåring­en Wan Hang får det ærefulle oppdraget å leie gymnastikkøvingane i skulen og treng ei ny kvit skjorte til vervet som den fattige familien knapt har råd til. Kulturrevolusjonen som på hell er mest eit bakteppe til soga fortald av guten som vaksen, og eg nyt filmen i to timar.

Filmen er ein av eit knapt dusin ein rekk mens halve festivalen framleis er att. Ein av dei nitti filmane frå 32 land som opna med den chilenske storfilmen No og som vert avslutta søndag med det japanske krimdramaet Outrage Beyond. Film frå Sør er den største filmfestivalen i hovudstaden, som også har Oslo Internasjonale Filmfestival og den kommersielle nyskapinga Filmfest Oslo som alt slit økonomisk. Sør-festivalen, som starta som ein studentklubb og vert arrangert for 22. gongen, samlar rundt 21.000 sjåarar etter ein sterk auke i fjor, driven av Stiftelsen Film fra Sør som også arrangerer Arabiske filmdagar med i alt 40.000 vitjande i året.

Likevel får Film frå Sør gjerne stempelet nisjefestival, endå han med si internasjonale breidd med filmar som er dei beste, ofte prisvinnarane der dei kjem frå, er den rake motsetninga til den kommersielle einsrettinga som trugar bransjen. Ikkje minst i hovudstaden gjennom salet av Oslo Kinematografer, som har vore ein garanti for eit minstemål av kvalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement