Den alternative vegenUlf Nygaard, Ole Kristian og resten av Flunk er aktuelle med plata and .– Det finst nok av folk som kan skrike, informerer Ulf Nygaard, og snakkar så vidt over kaffimaskina i baren.
Ulf Nygaard, Ole Kristian Wetten og resten av Flunk er aktuelle med plata Chemestry and Math.
Flunk er Erik Ruud på trommer, Jo Bakke på gitar, Anja Øyen Vister på vokal, Ole Kristian Wetten på bass, diverse strenginstrument og keyboard, og Ulf Nygaard på vokal, programmering og keyboard.
Foto: Pressefoto
– Det finst nok av folk som kan skrike, informerer Ulf Nygaard, og snakkar så vidt over kaffimaskina i baren.
Ingenting peikte mot ein musikarkarriere då han voks opp i Aurskog i Akershus, men han vart musikkjournalist, og så fekk han braksuksess med Folk og Røvere og singelen Utadæsjælåpplevelse med Ravi.
Ole Kristian Wetten starta med musikk tidleg, i eit lokalt ungdomsrockeband på Gjøvik. Han studerte musikkvitskap ved Universitetet i Oslo, og er framleis på Blindern mellom slaga. Målet er å verte professor.
– Å bure seg inne på eit rom på Blindern for å lese musikk når ein er vaksen og har arbeid og born, er ein egotripp.
Bandet Flunk vart etablert for 16 år sidan, og har eit stort publikum. Berre ikkje i Noreg.
– Vi var på USA-turné etter at vi starta opp, og møtte ein manager med store artistar der. Han inviterte oss heim til seg på middag. «OK, når flyttar de hit?» spurde han, etter hamburgaren og nokre øl. Då takka vi nei. Eg har aldri lika stjernekonseptet, og vi har teke alternative avgjerder heile vegen. Vi speler der vi vert bedne om å kome, seier Nygaard.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.