JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Deler vonde historier

Ewa Sapiezynska har skrive bok om korleis det kjennest å vere polsk i Noreg. – Boka er både ei bekymringsmelding og ei kjærleikserklæring, seier ho.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ewa Sapiezynska skriv om dei ubehagelege sidene ved å vere polsk i Noreg.   Foto: Christiane Jordheim Larsen

Foto: Christiane Jordheim Larsen

10703
20221014

Bakgrunn

Ewa Sapiezynska

Fødd 1980 i Polen

Flytta til Noreg i 2004

Utdanna sosiolog og jobbar som politisk seniorra°dgjevar i Redd Barna

Aktuell med boka Jeg er ikke polakken din (Forlaget Manifest)

Bøker

christiane@dagogtid.no

I ordboka er det enkelt. Polakk tyder «person frå Polen». Statistikken er også enkel. 1. januar 2022 utgjorde polakkar den største innvandrargruppa i Noreg, med 105.477 personar, framfor land som Litauen, Sverige, Syria og Somalia.

Men bak dei tørre faktuma gøymer den komplekse røynda seg, som mange av oss truleg veit litt mindre om. Den som handlar om folk av kjøt og blod, og hovud fylte med tankar, draumar og planar. For kva historier ber polakkane på, dei som jobbar, bur og lever i Noreg, side om side med personar som meg sjølv, vi som kan kalle oss majoritetsnordmenn?

Eg sit ved eit kafébord i Oslo saman med ei kvinne som har mykje på hjartet. Så mykje at ho har skrive bok om korleis det er å vere polakk i Noreg. Tittelen kan kjennast som ein knyttneve: Jeg er ikke polakken din.

«Jeg er frekk nok til å påberope meg retten til å skrive denne boka i kjølvannet av Black Lives Matter, selv om jeg er hvit», skriv kvinna, som heiter Ewa Sapiezynska, i boka si, og siterer den amerikanske forfattaren og borgarrettsforkjemparen James Baldwin: «I am not your negro.»

Fordommar

– Kvifor var det viktig for deg å skrive denne boka?

– Den første grunnen var nok at det vert skrive ein del om polakkar, men det vert ikkje snakka så mykje med dei. Eg ville i alle fall gje mi eiga røyst og mikrofonen til nokre fleire. Eg seier ikkje at boka gjev eit representativt utval, men det var viktig for meg å bringe til torgs nokre av dei røystene som ikkje er til stades i det offentlege ordskiftet.

Den andre grunnen var, seier Sapiezynska, at ho ville seie noko om fordommane polakkar vert møtte med.

– Dette er eit tema vi har snakka lite om. Heldigvis har vi byrja å snakke om korleis det er å vere melaninrik i Noreg. Derimot har vi knapt snakka om dei som er kvite, men heller ikkje vert høyrde nok. Folk frå område som Polen, Romania og Baltikum. Eg ville seie noko om korleis det er å få ein stigmatiserande lapp i panna.

Den tredje grunnen, seier ho, er at ho liker seg i Noreg og ønskjer å verte buande her.

– Boka er både ei bekymringsmelding og ei kjærleikserklæring. Eg har brukt mange år på avgjerda om å skrive dette. Eg har skrive om Noreg før, i polske medium, men då om det positive, til dømes menneskerettar, demokrati, velferdsstat og oljefond. Men korleis det er å vere polakk i Noreg, snakkast det lite om både i Noreg og i Polen.

Flytta av kjærleik

Medan dei fleste polske innvandrarar til Noreg i første omgang kom til landet for å jobbe etter at Polen vart EU-medlem i 2004, vart Sapiezynska lokka hit av kjærleiken.

I 2000 trefte ho mannen ho i dag er gift med, i Andalucía, den gongen ein norsk filosofistudent som, til liks med henne, hadde lese den polske forfattaren Gombrowicz. Då ho flytta til Noreg i 2004, hadde ho alt ein mastergrad i latinamerikanske studium frå universiteta i Warszawa og Madrid, og seinare skulle ho ta ein ph.d. i Chile. Sapiezynska snakkar portugisisk, spansk, tysk, engelsk og norsk, og ho er i dag tilsett som seniorrådgjevar i Redd Barna. I tillegg har ho oppdrag for Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Sidan 2011 har ho vore norsk statsborgar.

Sapiezynska skil seg dermed ut i ein statistikk som i 2010 viste at 60 prosent av polske kvinner i Oslo jobba med reinhald, trass i at 47 prosent av polske kvinner i Noreg har høgare utdanning. 36 prosent av polakkane i Noreg arbeider i manuelle yrke, medan snittet i resten av befolkninga er 9 prosent (tala er henta frå boka).

Lite interessant

– Du er ein person dei fleste av oss vil seie har lukkast i livet, med god jobb, familie og opplevingar frå ulike delar av verda. Kva fordommar møter ein slik vellukka polsk person i Noreg i dag?

– Det står ikkje skrive i panna mi at eg er vellukka, og mange har lyst til å plassere meg i bås. Når folk spør meg kor eg kjem frå, prøver eg gjerne så seie Nordstrand, men det vert ikkje akseptert som svar, seier ho og held fram.

– Når folk spør kor eg eigentleg er frå, seier eg at eg er vaksen opp i Polen, men at eg har norsk pass. Når eg seier Polen, er det ein del som berre går. Eg seier ikkje alle, for eg har norske venner. Men ein del gjer det. Kanskje var det berre det dei ville vite, eller kanskje er svaret berre så skuffande, så lite interessant og lite eksotisk. Kanskje trur dei at eg snart skal til vaskejobben min, seier ho, men skundar seg å leggje til at ho respekterer dei som gjer reint. Ho har sjølv gjort det.

Vonde erfaringar

Sapiezynska peiker på fleire vonde erfaringar frå Noreg som vi også kan lese om i boka hennar. Erfaringar som også når ho snakkar om dei i dag, pregar henne.

Ei av dei går tilbake til dei første åra ho budde i Oslo i lag med kjærasten. Dei hadde fått leige ein bustad på det ein må kunne kalle beste vestkant, rett bak slottet. Etter kort tid fekk eigaren eit brev frå naboane, som reagerte på etternamnet som var kome på postkassa. Dei argumenterte for at eit slikt namn på postkassa ville redusere verdien på alle bustadene i bygarden, og ville ha det fjerna.

– Rasisme er eit stort ord, og eg ønskjer ikkje å overdrive, men dette synest eg er rasistisk oppførsel. Dette er heller ikkje eit enkeltståande tilfelle, for seinare fekk eg vite at bror min hadde opplevd nett det same i Danmark, seier ho.

Det tok ikkje så lang tid før Sapiezynska og kjærasten såg seg ut ein ny bustad, på Rodeløkka aust i byen. Alt såg ut til å gå bra, før Sapiezynska forlét visninga med tårer i auga. For eigaren orsaka med eit smil at det ikkje var lys i bustaden. Dei «dumme polakkane» måtte ha kutta kablane medan dei jobba, sa han.

– Han trudde at dette berre var ein heilt grei ting å seie blant oss som var kvite, at det var morosamt. Eg veit ikkje om han kunne ha sagt «dei dumme jødane» eller «dei dumme pakkisane». Også i arbeidslivet har eg opplevd at folk ikkje ventar så mykje av meg. Eg har opplevd at folk har spurt, medan eg har vore til stades, om kvifor eg er vorten tilsett.

I arbeidet med boka har ho snakka med mange polakkar som formidlar liknande, eller verre, historier. Dei verste historiene er henta frå byggjebransjen og handlar om grov utnytting og kriminalitet.

Skjellsord

Ordboka problematiserer ikkje ordet polakk, men dei siste åra er det fleire andre som har gjort det.

z I 2018 arrangerte Fafo eit seminar der det vart spurt om polakk hadde vorte eit skjellsord.

z I 2019 viste ei undersøking frå MF vitenskapelig høyskole at polakk vart brukt som skjellsord, etter orda homo/homse og hore, faen og fitte, jøde, bitch, neger, helvete, fuck, jævel, gay, potet, pakkis og mongo (Bergens Tidende/NTB).

z For om lag eit år sidan skreiv ei 19 år gammal jente eit debattinnlegg på barne- og ungdomssidene i Aftenposten med tittelen «Det er ikke greit å kalle meg ’polakk’».

Eg spør Sapiezynska korleis ho ser på ordet polakk. Ser ho på det som eit nøytralt ord, eller eit nytt n-ord, eit skjellsord?

Ho meiner det kan vere begge delar, og at vi må sjå på konteksten.

– Eg er ikkje redd ordet, men eg har høyrt det uttalt på harde måtar, i tydinga billig arbeidskraft, småkriminelle folk, austeuropearar som kan underbetalast fordi dei skal tilbake til eit lågare lønsnivå, folk som aksepterer å jobbe latterleg mange timar, folk som tek jobbar nordmenn ikkje vi ha, «polakkjobbar».

Ser til Storbritannia

– Det er noko menneskeleg i å putte folk i bås, på same måte som det er like menneskeleg å ikkje vilje verte sett i bås sjølv. Kor mykje skal vi tole av kvarandre?

– Vi må tole litt – det er den måten vi tenkjer på. Men vi må vere veldig obs på det, for det er så lett å ta feil. I boka siterer eg ein av mine norske favorittforfattarar, Beate Grimsrud: «Tenk at det er et menneske stappet ned i hver eneste kropp? Et liv, en historie, et nå og et håp. Man burde være en stund i en annen.» Sjølvsagt plasserer vi kvarandre i bås, men er det ikkje meir spennande å prøve å førestille seg korleis ein annan har det? Eg synest vi må øve litt meir på empati.

Sapiezynska har sett ei utvikling i andre land som skremmer henne. Som kampanjen i forkant av brexit-avrøystinga i Storbritannia.

– Her, i eit land med større fattigdom enn i Noreg og med ein hardare debatt, vart polakkar skulda for å stele jobbane til folk. Det vart distribuert laminerte kort med teksten: «Forlat EU – Ikkje fleire polske skadedyr». Dette er ei utvikling eg ikkje vil sjå i Noreg. Eg veit om polakkar som dreg frå Storbritannia fordi dei ikkje kjenner seg trygge der, seier ho.

Polske heltar

–?Eg oppfattar at det ligg ein ambivalens mellom linene i boka di. På den eine sida vil du formidle at du elskar Noreg. På den andre at korkje Noreg eller nordmenn er så perfekte som vi kanskje liker å tru, og at synet mange nordmenn har på innvandrarar frå Polen, er sterkt kritikkverdig.

– Eg står no i rampelyset med nokre svært ubehagelege historier. Og grunnen til at eg bryr meg, er at boka også er ei bekymringsmelding. I boka avsluttar eg med å sitere Baldwin: «Hvis jeg elsker deg, må jeg gjøre deg bevisst på de tingene du ikke ser.» Det skjer ubehagelege ting som er vanskeleg for nordmenn å svelgje, men eg gjer dette fordi det også er mi kjærleikserklæring.

– I boka di flettar du inn sitat og namn på polske forfattarar, filosofar og intellektuelle – eg får inntrykk av at du kanskje ønskjer å undervise nordmenn bitte litt om polsk kultur. Kva forfattar foreslår du at ein nordmann utan kjennskap til polsk litteratur bør lese først, og kvifor?

– Det er så mange som ikkje er omsette, så om vi skulle setje ei grense ved det som er omsett, så bør ein lese Witold Gombrowicz, som mellom andre Dag Solstad er påverka av. Sjølv set eg Bruno Schulz høgast. Han skreiv lite, men veldig intenst, og får deg til å sjå heile verda med nye auge. Han har så overraskande metaforar, som poesi i prosaform. Også bør ein lese Ryszard Kapuscinskis bøker, men også boka som er skriven om ham, Ryszard Kapuscinski: A Life av Artur Domoslawski, som er omsett til åtte språk. Det er faktisk ei av dei beste bøkene eg har lese.

Eit stort paradoks, seier Sapiezynska, er at vi har ein stor polsk forfattar buande her i Noreg, Ilona Wisniewska. Den som søkjer i Dag og Tid-arkivet, vil finne at ho har skrive reportasjar også her.

– Wisniewska er fascinert av Nord-Noreg og samisk kultur, og skriv sakprosa frå og om Nord-Noreg, men ho er ikkje omsett til norsk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis